Hopp til innhold

– Kan få meir av desse situasjonane i framtida

Statens vegvesen opplever stadig oftare at store nedbørsmengder grev ut delar av vegbana.

Ras i Todalen

Vegen i Todalen blei måndag stengt etter eit jordras ved Falløya

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei siste dagane har nedbøren hølja ned i Møre og Romsdal og dei store nedbørsmengdene har skapt problem på fleire vegar rundt omkring i fylket.

– Det har vore ekstremt mykje nedbør i helga og fleire krevjande situasjonar for oss, seier Ole Jan Tønnessen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Måndag morgon blei fleire vegar stengt på grunn av jordras som følgje av dei store nedbørsmengdene. Tønnesen seier dette er eit problem ein opplever oftare no enn før.

– Erfaringane våre er at desse heftige situasjonane skjer oftare enn før, og når ein kanskje ikkje ventar det, seier han.

Fulle stikkrenner skaper problem

Fleire stadar i fylket har den enorme vassmengda grove ut jordmassar og delar av vegar. Andre stadar førte det til flaum og jordras.

Ole Jan Tønnessen

Ole Jan Tønnessen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. .

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vatnet dreg det med seg snø, slaps, kvistar og steinar når det renn nedover dalsidene. Det fyller igjen opningane på stikkrennene og skaper ein flaumsituasjon, som igjen aukar faren for at vegen kan rase ut, seier Tønnesen.

I Møre og Romsdal finst det rundt 50.000 stikkrenner. Avdelingsdirektøren seier det ikkje er alle desse som er like godt egna for dei store vassmengdene som kan kome.

– Det er mange vegar som er bygd med stikkrenner som er dimensjonert annleis enn behovet er i dag. Difor sett vi inn nye og større dimensjonar når vi skiftar gamle og slitne stikkrenner, seier han.

Laster Twitter-innhold

Tønnesen fortel at dei i stor grad har oversikt over kva vegar og område som er mest utsett for ras og flaum. Likevel er det vanskeleg å ha full oversikt når ein må ta omsyn til naturelementa, seier Tønnesen.

– Vi har kjente punkt som vi veit er utsett, men nokre gongar kan slike ting kome på heilt andre plassar eller til andre årstider enn vi hadde venta, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL