Thomas Ryste har halde «Klypa»-hjula i gang i over 20 år med forskjellige karakterar, der Kjell «Kjellen» Bigset er den mest kjende. No har han ekspandert frå den oppdikta «Klypa» til ei faktisk klype.
– Rekorden har nokon på vel tre meter og då måtte vi ha ei som er større, seier Ryste.
Ifølgje komikaren er klypa over fire meter lang. Rekorden på Guiness World Records sine nettsider, er på 3,5 meter.
Ryste seier dei planlegg å få klypa inn i rekordboka.
– Vi må få målt klypa av politiet, og sendt det til Guiness rekordbok, så skal det vere i boks.
Det er Ryste og onkelen hans, Audun Nedrelid, som er primus motorar i prosjektet. Idéen kom då dei såg eit forsøk på verdas største klesklype i Nord-Noreg.
– Vi fann ut at Hovdebygda hadde den einaste klesklypefabrikken i si tid. Der lagde dei treklypa Guri og vi tok utgangspunkt i den.
Thomas Ryste og onkel Audun Nedrelid håpar klesklypa kan bli eit skue for alle som passerer flyplassen i Ørsta.
Foto: Arne Flatin / NRKUtstilling midt i smørauget?
No vil dei stille ut kreasjonen midt i den planlagde rundkøyringa i flyplasskrysset i Hovdebygda slik at alle får sjå den.
Gunnar Wangen, miljø- og planleggingssjef i Ørsta kommune, seier at reguleringsplanen er klar og at dei berre treng godkjenning frå Statens vegvesen for å byrje.
Ørsta-ordførar Stein Aam er svært positiv til å plassere klypa midt i smørauget.
– Det må vere eit fint monument over industriklypa som var i produksjon i Hovdebygda, seier Aam.
Ordførar Stein Aam vil gjerne sjå klypa bli stilt ut i flyplasskrysset.
Foto: Arne Flatin / NRK– Tel ikkje timar
Det er i Vikebygda i Volda onkel Nedrelid har bygd klypa, med hjelp frå selskapet Bakkesmia som har laga fjøra.
– Dei tok utfordringa og med litt tilpassing, vart det veldig bra, seier han.
Den største utfordringa i prosessen var materialet. Nedrelid seier det var vanskeleg å finne store nok tre. Det meste er gjort med motorsag, men kor mange timar som har gått med på prosjektet er ikkje kreatøren heilt sikker på.
– Eg tel ikkje timar, men det var mange, fortel Nedrelid.
«Klypa»-humoristen meiner ingen vil klare å seie nei til å ha klypa i rundkøyringa, ikkje eingong Vegvesenet.
– Det blir eit fantastisk monument for Hovdebygda og Ørsta, avsluttar Ryste.