Hopp til innhold

– Folk tek for lett på køyring i rus

Jan Ove Selnes (21) hadde lenge eit uproblematisk forhold til promillekøyring. Det var før han nesten mista livet.

Kvar einaste dag set titusener av folk seg bak rattet og køyrer bil i ruspåverka tilstand.
Jan Ove Selnes som ikkje forstod alvoret før det var for seint.

Jan Ove Selnes (21) håper andre vil lære av erfaringa hans med bilkøyring i alkoholpåverka tilstand.

– Det kunne ha gått mykje verre enn det gjorde. Eg er veldig glad for at eg kan sitje her og vere klar i hovudet, seier Jan Ove Selnes frå Averøy i Møre og Romsdal.

Lågmælt og alvorsprega fortel han om korleis livet vart snudd på hovudet på grunn av ei dårleg avgjersle.

– Planen min for våren var å jobbe, tene pengar og bli meir sjølvstendig. Men slik gjekk det ikkje.

Skulle heim frå fest

Jan Ove Selnes

Jan Ove Selnes har vore fleire månader på sjukehus etter bilulukka 1. februar. Rehabiliteringa er langt frå over.

Foto: Privat
Jan Ove Selnes

Han skulle bli meir sjølvstendig, men er meir avhengig av foreldra no enn han var før ulukka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I februar syntest han ikkje fyllekøyring var så ille. For etter ein fest natt til 1. februar sette 21-åringen seg bak rattet. Han kom seg berre nokre hundre meter frå heimen ved Bådalen i Averøy.

– Eg hadde køyrt i fylla ein gong tidlegare, men eg lærte tydelegvis ikkje av det. Det måtte gå gale først, seier han.

Jan Ove hadde omfattande skadar etter krasjet. Legane måtte gi 22 liter blod for å berge livet hans. Eit liv han sjølv hadde sett på spel.

Døden nær

Høg fart og promille gjorde at 21-åringen krasja i autovernet og vart kasta ut av bilen. I over fire timar låg han bevisstlaus før han vart funnen. Frå ambulansen kom til han vart frakta over ambulansehelikopteret var han døden nær fleire gonger.

– Berre i ambulansen heldt dei på miste meg to-tre gonger. Det var lite håp, men eg klarte meg, fortel han forsiktig.

Dei indre skadane var så store at luftambulansen måtte mellomlande i Kristiansund for å kunne fylle på med blod. Det første døgnet måtte han ha blodoverføring seks gonger.

– Dei pumpa i meg totalt 22 liter blod. Det er mykje, fortel han.

Sidan vart han lagt i kunstig koma i ni dagar.

– Eg var sliten og påverka av medisinar då eg vakna, men eg hadde likevel ei kjensle av kva som hadde skjedd. Det var spesielt å føle på.

Vil endre haldningar

Jan Ove Selnes

Jan Ove ønskjer å drive med gardsdrift og jobbe som maskinførar. Men først må han kome seg på beina igjen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Jan Ove skildrar livet etter ulukka som "veldig trist og veldig hardt". Forutan fleire månader i rullestol, slit han med sterke nervesmerter. Derfor vil han ikkje at andre skal måtte gå gjennom det same som han.

– Det er trist at promillekøyring skjer. Det har vore mykje av det her på Averøy. Eg håper at folk vil lære av andre og ikkje ta det så lettvint.

Seinast i sist veke small det igjen på heimstaden til 21-åringen. Også der mistenker politiet at den eine sjåføren var rusa. Jan Ove, som sjølv tok lett på fyllekøyring, trur mange tenker slik han gjorde natt til 1. februar.

– Her på Averøy vert ikkje folk overraska om ein køyrer i fylla. Politiet er langt unna, så det er lett å gjere det.

– Aldri meir

Jan Ove er framleis innlagt på sjukehus og helsa vert sakte, men sikkert betre. Planen er å kunne gå på krykker i slutten av mai for å så bli heilt frisk.

– Målet er å kunne utan gå hjelpemiddel og få arbeid som maskinførar igjen. Dei seier at eg kan klare det om eg har fullt fokus på trening og står på.

– Kjem du til å køyre med promille igjen?

– Aldri.

Bilder fra ulykkesstedet i Bådalen i Averøy kommune.

Sjå TV-bilda frå ulukkesstaden idet 21-åringen vart henta av luftambulansen.