Hopp til innhold

20-åring kritisk skadd etter utforkøyring

Ein 20 år gamal mann blei kasta ut av bilen ved Bådalen på Averøya laurdag føremiddag. Tilstanden er kritisk skriv St. Olavs hospital i ei pressemelding klokka 16:14 laurdag.

Utforkøyring Averøy

Bilen med 20-åringen køyrde gjennom autovernet

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mannen er frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med det politiet opplyser er svært alvorlege skadar.

Gjennom autovernet

Bilen har køyrt gjennom autovernet og hamna utfor den kommunale vegen i Bådalen, 2–300 meter sør for fylkesveg 64 ved Bådalen sentrum.

Ulukkesbilen køyrde gjennom autovernet

Utforkøyring på Averøya.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Bilen har fått store materielle skadar, seier operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Det skal ikkje vere spesielt glatt føre på staden.

Etterlyser vitne

– Vi er usikre på kva tid ulukka faktisk skjedde, seier Kjelle. AMK fekk melding klokka 10.12 laurdag føremiddag, men utan vitne er vi ikkje sikker på tidspunktet. Vi ber folk som kan ha sett eller høyrt noko melde seg, seier Kjelle.

Han opplyser at dei er usikre på kor lenge mannen kan ha lege ved ulykkesstaden før han vart oppdaga.

Truleg høg fart og promille

Klokka 14:30 opplyser Kjelle at mannen, som er frå Averøya, truleg har hatt relativt høg fart.

– I forhold til skadane på bilen og forholda på staden kan det tyde på at føraren har heldt relativt høg hastigheit. Det er også mistanke om promille, opplyser operasjonsleiaren.

Ulukkesgruppa varsla

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er varsla om hendinga, og skal ta fatt på arbeidet med å finne årsaka til utforkøyringa.

Bilder fra ulykkesstedet i Bådalen i Averøy kommune.