Hopp til innhold

Fem menn tatt for promillekøyring

Fem ulike menn blei stoppa, mistenkte for promillekøyring natt til søndag.

Stranda2

Fem ulike menn blei stoppa, mistenkte for promillekøyring natt til søndag. Politiet meiner ikkje det er ekstremt mange.

– Det er litt tilfeldig kor mange vi klarer å avdekkje, men forskinga viser at promillekøyring skjer heile tida. Det er positivt at vi klarer å ta så mange i løpet av ei natt, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Operasjonsleiar Arild Reite

Operasjonsleiar Arild Reite meiner det er positivt at politiet tok så mange som fem for promillekøyring natt til søndag.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Velta etter å ha køyrt frå politiet

Ein rusa motorsyklist i Ålesund køyrde frå politiet då dei forsøkte å stanse han i Hatlasvingen. Mannen kom uskadd frå velten, og Reite seier det ikkje har vore aktuelt å kople inn Spesialeininga for politiet (tidlegare SEFO, red. anmkn).

- Det har ikkje vore noko tema. Politiet forsøkte å stanse han, men han stakk frå staden. Då dei nådde han igjen i første sving, såg dei han stå bøygd over den velta motorsykkelen sin. Vi veit ingenting om kva fart han hadde, seier Reite. Han seier motorsyklisten nyleg har mist førarkortet, men veit ikkje årsaka til at han forsøkte å stikke.

Tre heimehøyrande i Stranda

Tre av dei fem mennene er heimehøyrande i Stranda. Ein mann i 20-åra blei stansa rett over midnatt, mistenkt for å ha køyrt i rus. Politiet beslagla samstundes ei mindre mengde narkotika frå ein passasjer. Vel ein time seinare kom politiet over ein bil som hadde køyrt i grøfta. Ved bilen sto to utanlandske menn i 20-åra, og begge var påverka av alkohol.

Les også:

– Ikkje ekstremt

Operasjonsleiaren vil ikkje seie at det er ekstremt, eller ekstraordinært, når fem blir tekne for promillekøyring i løpet av ei natt.

– Dette varierer heile tida. Enkelte døgn har vi ingen, andre døgn har vi tre-fire. Men ein promillekøyrar er sjølvsagt ein for mykje, seier Reite.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL