Hopp til innhold

– Helsekutta kan gjere møringar til trøndarar

Først tapte Nordmøre sjukehussaka. No står dei i fare for å misse fødeavdelinga lenge før det nye sjukehuset står klart. Opp på dette kan Aure rehabiliteringssenter bli lagt ned. Fleire omtalar dette som gnisten som kan blåse liv i kravet om å ta farvel med Møre og Romsdal som fylke.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter ligg oppe ved skogbrynet på ein ås like nord for Aure sentrum. Den 27. mars tek styret i Helse Møre og Romsdal stilling til om senteret skal leggast ned.

Foto: Terje Reite / NRK

Høgt oppe i lia like nord for Aure sentrum tronar Aure rehabiliteringssenter. Frå senteret oppe i skogkanten er det eit vidt utsyn over holmar og skjær og skipsleia som skil Smøla frå Aure og øyane utover mot Tustna. Ein liten køyretur bak den skogkledde åsen ligg grensa til Trøndelag.

På ein benk i første etasje er Anne Brit Hjelen i full gang med trening saman med fysioterapeut Kaia Hestsveen. Treninga kan sjå enkel ut for funksjonsfriske. Men Hjelen har skifta ledd i både armar og bein. Ho har både revmatisme og parkinson.

– Eg reiser meg opp for å få betre musklar i beina, seier Hjelen og gjentek øvinga gong etter gong med litt pause innimellom.

Anne Brit Hjelen (høgre) Kaia Hestsveen

Anne Brit Hjelen har akkurat fullført ein behandlingstime i treningsrommet i første etasje på senteret. Ho har fått instruksjon av fysioterapeut Kaia Hestsveen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kan gje pasientane meir behandling

Hjelen er ein av mange pasientar som får opptrening her. Her er det pasientar med parkinson. Her er folk med revmatisme. Her er pasientar som har vore skadde i ulukker. Nokre har eller har hatt kreft. Andre har plager i nakken og vondt i hovudet. Nokre trenar andre sit på «skulebenken» undervisning for betre å forstå, takle og forbetre helsa.

– Mange av dei som kjem hit har vanskar med å klare seg sjølve heime. Her får dei eit rom, dei får ei seng, dei kan forsyne seg av maten og får ei mindre grunnbelastning enn dei ville få om dei var heime. Slik kan vi gje pasientane ei større mengde med behandling. Det ville vere ei belastning for fleire av dei om dei måtte køyre lang veg for ei enkelt behandling for så å måtte reise heim same dagen, seier styrar ved institusjonen, Aud Bente Skar.

Aud Bente Skar

Aud Bente Skar er leiar ved Aure rehabiliteringssenter. Ho seier det er høg kvalitet på den spesialiserte rehabiliteringa. Ho forklarar også at over 40 tilsette får endra kvardagen om senteret blir lagt ned.

Foto: Terje Reite / NRK

Kutt i Helse Møre og Romsdal

Mange norske helseføretak slit med økonomien. Helse Møre og Romsdal er blant dei som slit aller mest og må spare nær ein halv milliard på tre år for å få ein berekraftig økonomi. Driftskostnadene overstig inntektene. I tillegg skal Helse Møre og Romsdal bygge nytt sjukehus på Hjelset i Molde.

Dermed kjem forslaget om å slå saman fødeavdelinga i Molde og Kristiansund tidlegare enn planlagt. Rehabiliteringssenteret i Aure er foreslått nedlagt. Døgnbehandlinga ved det distriktspsykiatriske senteret på Sjøholt blir truleg lagt ned. Sengepostar blir truleg slått saman. Ambulansetenesta skal effektiviserast. Operasjonsstovene skal utnyttast meir effektivt. Og vask og drift av kaféar og kioskar blir privatisert. Nytt sjukehus på Hjelset kostar over 4 milliardar kroner, men blir sett på som ein del av løysinga på dei økonomiske vanskane i føretaket.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal har bestemt at det skal gjennomførast omfattande kutt i drifta. Bakgrunnen er store underskot frå 2011 og fram til i dag.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Tenner ein gnist som splittar fylket

Rundt kafébordet på kjøpesenteret i Aure går diskusjonen heftig. Mange av dei som sit her har sjølve hatt skadar, plager og sjukdomar som dei har fått hjelp til å takle gjennom opphald på senteret. Dei karakteriserer forslaget om nedlegging som galskap. Tanken om å forlate Møre og Romsdal til fordel for Trøndelag får auka oppslutnad, hevdar dei.

– Det skal ikkje mykje til før det tek fyr. Det er ein aukande gnist i området. Stadig fleire tenkjer at det kan vere like greitt å bli ein del av Trøndelag om dei ikkje vil ha oss i Møre og Romsdal. Noko er på glid. Det må vere måte på kor mykje motbør ein skal kjempe mot, seier Stein Brage Raanes, ein krumtapp i det politiske miljøet, leiar i helselaget, korpsdirigent og aktiv i organiseringa av Toppidrettsveka i Aure.

Stein Brage Ranes

Stein Brage Raanes er ein aktiv mann, både innan politikk, organisasjonsliv og idrett. Han seier fleire ser i retning av Trøndelag når Møre og Romsdal tek frå nordmøringane stadig fleire helsetilbod.

Foto: Terje Reite / NRK

Politisk sprengkraft

Den politiske sprengkrafta i helsekutta kom ikkje minst fram i den spontane reaksjonen ordførar i Aure, Ingunn Golmen, kom med straks klinikkleiinga la fram «løypemeldinga» om kva veg kuttplanane gjekk.

– Dette blir slutten for Møre og Romsdal som eit samla fylke. Og det kan du sitere meg på, sa ei sint og oppgitt ordførar Ingunn Golmen til NRK.

Også frå det øvste politiske nivået i Møre og Romsdal kjem det åtvaringar mot å gjere noko som kan få direkte følgjer for både det politiske og geografiske kartet.

– Vi skal ikkje undervurdere den politiske krafta i dette. Enten ein vil eller ikkje er eit slikt forslag i alle fall ikkje med på å gjere spliden mindre. Dette er veldig sårbart. Vi har til slutt ei veldig alvorleg sak som kan vere nok til at argumentasjonen kortsluttar. Eg fryktar ei polarisering, at folk går opp på kvart sitt skjær og ropar til kvarandre. Det er forståeleg når ein føler ein misser det ein har hatt, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen er ordførar i Aure.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nabokommunen Halsa er i sluttfasen i planlegginga av ein overgang til Trøndelag, og er med på skipinga av trøndarkommunen Heim. Rindal forlet Møre og Romsdal og blei ein del av Trøndelag ved årsskiftet.

– Eit ran

Rundt kafébordet på kjøpesenteret på Aure går praten også om personlege erfaringar med behandling på rehabiliteringssenteret oppe ved skogbrynet like nord for Aure sentrum.

Jakob Strand fortel om dagen då han fall ned frå garasjetaket på hytta i Tingvoll. Bein over alt på kroppen blei knust. Til og med bekkenet blei brote i stykkar. Han blei liggande å rope lenge før han fekk hjelp. Etter eit langt sjukehusopphald var det Aure rehabiliteringssenter som fekk han tilbake til livet.

Jakob Strand

Jakob Strand fekk opptrening på senteret då han var utsett for ei stygg fallulukke på hytta i Tingvoll.

Foto: Terje Reite / NRK

Mari Thevik fortel om nakkesmertene som kom snikande og som blei til ein dundrande hovudverk som til slutt ikkje var til å halde ut. «Rehaben», som ho kallar senteret, fekk henne til å både forstå sjukdomen, å handtere sjukdomen og ho fekk behandling som reduserte smertene.

Mari Thevik

Mari Thevik har var pasient ved senteret då ho fekk alvorlege smerter i nakken og hovudet.

Foto: Terje Reite / NRK

Olav Magerøy sit i rullestol. Han har hatt pasientbehandling på senteret, men er også storforbrukar av varmtvassbassenget på senteret. I 20 år har revmatikarlaget kjøpt symjetimar i bassenget, og Magerøy har vore med på dei fleste av dei. Han har rekna ut at han har hatt opp mot 2000 behandlingstimar på Aure rehabiliteringssenter.

– Vi føler det som eit ran dersom dei tek frå oss dette. Dette er det einaste tilbodet vi har, seier Magerøy.

Olav Magerøy

Olav Magerøy opplever ei eventuell nedlegging som eit ran. Folket i Aure har samla inn store summar til varmtvassbassenget. Sjølv har han vore storbrukar og reknar med å ha vore i varmtbassenget opp i 2000 timar dei siste 20 åra.

Foto: Terje Reite / NRK

Elin Sandshamn seier at ei nedlegging av senteret vil føre til at folk får auka behov for hjelp i heimen. Ho trur det blir fleire som må leggast inn på sjukehus. Tilbodet gjer at folk med revmatisme held seg mjuke og klarer seg i kvardagen.

– Forsvinn tilbodet stivnar fleire av oss gradvis bort. Fleire kjem til å bli avhengige av rullestol og nokre kan til og med bli sengeliggande, seier Sandshamn.

Elin Sandshamn

Elin Sandshamn er aktiv i revmatikarforeininga. Senteret er med på å halde revmatikarane mjuke og motverkar både sjukehusopphald og avhengigheit av rullestol, meiner ho.

Foto: Terje Reite / NRK

– Skulle ha skjedd i 2011

Helseføretaket held fast på planane om å legge ned rehabiliteringssenteret i Aure. Det endelege forslaget blir lagt fram rundt 20. mars. Veka etter samlar styret seg og gjer det endelege vedtaket. Så langt er det ingen ting som tyder på at Helse Møre og Romsdal snur i saka.

Styret har kravd at sparetiltaka skal ha effekt alt i 2019, og så tidleg som råd dette året. Det betyr at prosessen har gått fort. Dei tilsette på senteret påpeikar at Aure rehabiliteringssenter ikkje er eit underskotsføretak, og hevdar at det er minimalt å spare på ei nedlegging. Heller ikkje dette ser ut til å føre saka i positiv lei for senteret.

– Aure driv bra. Førebelse utrekningar viser at der er eit potensial for å redusere driftsutgiftene. Men det er for tidleg å konkludere med kor stor denne summen er. Vi må først sjå kva som blir effekten av kompenserande tiltak, seier klinikksjef Jorun Bøyum.

Frå nyttår og fram til i dag har det vore gjennomført analysar kring tryggleik og risikoar, det har vore møte med kommunane og tillitsvalde og verneombod har vore med i prosessen.

Jorun Bøyum

Jorun Bøyum er sjef på klinikk for medisin og rehabilitering.

Foto: Terje Reite / NRK

– Alt for fort

På eit møterom i øvste etasje har tillitsvalde og verneombodet samla seg. Det er hektisk møteverksemd. Dei seier det alltids er håp så lenge det endelege vedtaket ikkje er gjort. Men håpet heng i eit svært, svært tynt snøre.

– Prosessen har vore dårleg. Så dårleg at vi ikkje har tillit til leiinga lenger, seier Adrian Knutsen i fysioterapiforeininga.

Dei tillitsvalde legg vekt på at senteret gjev god behandling og at dei driv i økonomisk balanse. Dei hevdar at ei nedlegging strir mot all fornuft. Og dei meiner at ei nedlegging inneber eit dårlegare tilbod til pasientane. I tillegg blir det, ifølgje dei tillitsvalde, over 40 personar som må sjå seg om etter nytt arbeid. Dei hevdar det er dei færraste som kjem til å takke ja til eventuelle tilbod om jobb i Kristiansund, Molde, Ålesund eller Volda. Verneombodet fortel også at det har vore auke i talet på sjukmeldingar på senteret i 2019.

– Vi føler vi kjempar mot nokre vindmøller som vi ikkje ser. Og alt framstår som svært uføreseieleg, seier verneombod Guri Ramsvik Romfo.

Tillitsvalde Aure rehabilitering

Dei tillitsvalde og verneombodet ved Aure rehabiliteringssenter. Frå venstre: Hanne Neshaug, Adrian Knutsen, Hanne Hagen, Hilde Leenen og verneombod Guri Ramsvik Romfo.

Foto: Terje Reite / NRK

NRK møter sjefen på klinikk for medisin og rehabilitering på ferjekaia i Tømmervågen. Ho er på veg til Aure for å snakke med dei tilsette. Ho seier det er svært leit å høyre at dei tilsette føler dei ikkje kan ha tillit til klinikkleiinga. Ho legg til at ho har stor forståing med situasjonen dei tilsette er i.

– Tilbod på Sunnmøre høver ikkje for dei som bur på grensa til Trøndelag

I første etasje er Anne Brit Hjelen ferdig med treninga. Ho pustar ut og kjem med ei oppmoding til dei som skal behandle saka på møte 27. mars.

– Sunnmøre er sikkert fint, men eit tilbod der høver ikkje for oss som bur på grensa til Trøndelag. Eg blir provosert av det som skjer no. Det er galskap å legge ned denne staden. Her er det ekspertise, dei veit kva dei driv med og vi blir tekne godt vare på. Når vi reiser herifrå kjem vi heim att til eit betre liv, seier Hjelen.

Helse Møre og Romsdal