2005 var året då vårt fylke for alvor fekk eit gjennombrot som olje og gassfylke, sa Hervik under Desemberkonferansen i Kristiansund i dag.
– Det boblar i heile fylket
– 2005 er eit merkeår i så måte, for no boblar det i alle regionar, seier Hervik.
På Sunnmøre går det betre enn nokon gong for den maritime, offshore-retta industrien som har vokse seg enormt stor i løpet av svært kort tid, seier økonomiprofessoren.
På Nordmøre og Kristiansund har det tatt lang tid før baseaktiviteten har kunna blitt målt i sysselsetting. Men no, og spesielt i 2005, har det tatt av.
Romsdal er heller ikkje unnateke. Der boblar det på grunn av Ormen Lange-utbygginga.
– Så alle regionar har no fått ta del i oljeeventyret, seier Økonomiprofessor Arild Hervik.
– Vil gå i bølgjer
Så mange som 10.000 arbeidstakarar i fylket kan vere sysselsett i oljerelatert verksemd. Det er 10 prosent av sysselsettinga, seier Hervik.
Hervik gjer likevel merksam på at dette vil gå i bølgjer, og at det til dømes på Sunnmøre kan kome ei lita krise om 3-4 år når det verste av supply-eventyret har lagt seg.
Oljeprisen vil også svinge, så vi vil oppleve nedturar, men no er Møre og Romsdal alt blitt eit oljefylke. Difor svingar alt arbeidsløysetala i fylket i takt med aktiviteten i oljeverksemda, og det kjem vi til å sjå framover også, seier Arild Hervik.