Hopp til innhold

– Operakostnaden må takast på eitt år

Frp skuldar fylkeskommunen for uryddig rekneskapsføring i samband med vedtaket om støtte til operaen i Kristiansund.

Operahus ute

Framstegspartiet meiner vedtaket om å støtte operahuset i Kristiansund er gjort på feil grunnlag.

Foto: Illustrasjon C.F. Møller

– Eg trur bygginga av operaen i Kristiansund hadde blitt stoppa om ein kjende til dette på førehand, seier Frank Sve som er gruppeleiar i fylkestinget for Frp.

Stiller spørsmål til fylkesordføraren

25. mars vedtok fylkesutvalet at operaen i Kristiansund skulle få eit enkelttilskot på 204 millionar og eit årleg bidrag i driftstilskot på nær 14 millionar i 30 år framover. Ikkje alle var einige i vedtaket, fem av tolv stemte også imot i fylkesutvalet. I fylkestinget stemte 20 imot, medan 27 sa ja.

Blant dei som er mest kritiske til forslaget, er Framstegspartiet. No spør partiet om vedtaket i det heile tatt er innanfor regelverket.

– Vi reiser spørsmål ved interpellasjon til fylkesordføraren, og det skal bli veldig interessant å sjå kva svaret blir. Vi ber om at kontrollutvalet går inn og ser på saka og vurderer alle forhold skikkeleg, seier gruppeleiar i Fylkestinget, Frank Sve.

– Feil rekneskapsføring

Frank Sve

Frank Sve (Frp) trur fylkeskommunen kan få økonomisk trøbbel om ein held fast på vedtaket om å støtte operaen i Kristiansund (arkivfoto).

Foto: Thomas Rasmus Skaug / SCANPIX

Framstegspartiet har sett på lovlegheita av vedtaket og innhaldet i rekneskapsføringa av tilskotet som vart gitt til bygging av operaen i Kristiansund.

Dei meiner no at fylkeskommunen ikkje har anledning til gje driftsstøtte på 13 877 000 kroner kvart år i 30 år, utan at den totale summen vert ført i rekneskapen allereie i det første året med tilskot. Eit vedtak som strekkjer seg over 30 år, er nemleg juridisk bindande for heile perioden. Då må ein kunne vise til frå første stund at ein er i stand til å leggje ut heile beløpet, forklarar Sve.

– Dersom det er tilfelle, er det sjølvsagt umogleg for fylkeskommunen å løyve 311 millionar kroner på eitt år. Då har ikkje fylkeskommunen anna moglegheit enn å ta opp att saka, seier han og meiner vedtaket dermed er basert på ei manglande forståing for korleis lovverket ikring rekneskapsføring er.

– Det er ei kjempealvorleg sak, legg han til.

– Dersom dette er tilfelle, korleis har det seg då at vedtaket har blitt gjort?

– Det kan ein seie. Reglane og forskriftene ser ut til å vere svært klare. Ein ikkje har høve til å fordele driftstilskotet over 30 år når beløpet er kjent. Det er veldig rart at ein ikkje har sett dette tidlegare.

– Pengar fylket ikkje har

Sve trur det blir umogleg for fylkeskommunen å framleis gje støtte til operaen, dersom dei kjem til same konklusjon som Framstegspartiet.

– Om dei likevel gir støtte til operaen, vil konsekvensane verte enorme for Møre og Romsdal fylkeskommune, seier gruppeleiaren og legg til at han gjerne skulle ha sett ei konsekvensutgreiing på førehand.

Ifølgje Sve er det først no i strategi- og rammesaka for økonomiplanen 2015–2018 at ein verkeleg ser korleis økonomien vil bli sjåande ut i fylket med eit kultur- og operahus å ta vare på.

– Rådmannen teiknar eit kjempealvorleg bilde av fylkesøkonomien, såpass at det går utover vegvedlikehaldet og skulebygging. Det burde vi kanskje ha visst om før eit lite fleirtal valde å gje nærare 400 millionar kroner til ein opera i Kristiansund, avsluttar Sve.