Hopp til innhold

– Politikarane rekk ikkje å setje seg inn i den enorme papirmengda

Velforeining i Kristiansund fryktar at for mykje papir gjer at politikarane ikkje får sett seg inn i saka om utbygging av Vestbase.

Vestbase

Det blir nye, store utbyggingar for Norske Shell på Vestbase i Kristiansund.

Foto: Harald M. Valderhaug

Jan Ole Eilertsen

Jan Ole Eilertsen i Vikan velforeining i Kristiansund er redd for at kommunen ikkje har fått sett seg godt nok inn i saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vikan velforeining i Kristiansund fryktar at fleire hundre sider med saksdokument har ført til at Plan- og bygningsrådet ikkje har fått sett seg godt nok inn i saka om utbygging av Vestbase sitt anlegg på Nordlandet.

I dag skal rådet vedta si innstilling til planen om ei utbygging av Vikanholmen vest på, ei utbygging som har vekt stor lokal motstand.

På fredag vart det lagt ut omtrent tusen sider med saksdokument, som plan- og bygningsrådet skal gå gjennom til torsdag morgon. Dei klarer ikkje å setje seg inn alle innspel og kommentarar før den tid, seier Jan Ole Eilertsen, leiaren i Vikan velforeining.

– Greier ikkje å setje seg inn i saka

Han er redd for at plan- og bygningsrådet i Kristiansund samlast i dag for å drøfte ei sak dei ikkje har hatt mogelegheit til å setje seg godt nok inn i. Over halvparten av dei totalt tusen sidene med saksdokument tilhøyrande dagens to saker er relatert til Vestbase si føreslåtte utbygging av offshore-anlegget på Nordlandet.

Leiaren i plan- og bygningsrådet i kommunen, Sten Erik Olsen, er eining i at fleire hundre sider med saksdokument er heilt på smertegrensa.

– Det er det ikkje tvil om. I seg sjølv er det alt for mykje, seier han.

Samstundes meiner han at saka er kjent nok frå før at ein stor papirbunke ikkje har noko å seie i dette tilfellet.

– Bygningsrådet har kjenner til dette frå tidlegare. Vi veit om argumentasjonen og papira som ligg ved. Og den store mengda med papir er difor innanfor det som er forsvarleg likevel, seier Olsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL