Hopp til innhold

Ny, langsiktig Shell-kontrakt med Vestbase

Norske Shell inngjekk i dag ein ny og langsiktig kontrakt på 25 år med Vestbase i Kristiansund.

Vestbase

Det blir nye, store utbyggingar for Norske Shell på Vestbase i Kristiansund.

Foto: Harald M. Valderhaug

Alf Dahl er Vestbase-sjef

Alf Dahl meiner kontrakten vil gi store ringverknader utover Shell og Vestbase.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Ein slik kontrakt vil bety mange ringverknader. Både i byggjefasen, men også når det kjem til ein servicefase, seier Alf Dahl, administrerande direktør på Vestbase i Kristiansund.

Kontrakten går på at Shell leiger 25.000 kvadratmeter på Vestbase, der arealet skal brukast til nye bygg.

Dette gir Shell moglegheita til å ekspandere, mellom anna opp mot Ormen Lange.

Vil halde det lokalt

Arbeidet skal ta til allereie hausten 2013. Samtlege bygg er planlagt ferdigstilt innan utgangen av første kvartal i 2015.

Det er subseaktiviteten som skal utvidast, der større subseahallar er naudsynt. Ifølgje Dahl vil anboda kome før ferien.

– Når bygget skal flyttast inn i, og aktiviteten skal inn, vil det vere svært mykje subseaaktivitet for Shell, fortel Dahl.

Han er også tydeleg på at storkontrakten håper å halde verdiane lokalt.

– Shell har ein ambisjon om å gjere mest mogleg vedlikehald lokalt.

– Så dersom miljøet her i Kristiansund klarer å utdanne og rekruttere nok fagkompetanse, vil det bli betydeleg med aktivtet og ringerverknader for våre leverandørar her i Kristiansund, avsluttar Vestbase-direktøren.

Norske Shell inngjekk i dag ein ny og langsiktig kontrakt på 25 år med Vestbase i Kristiansund. Shell leiger 25 tusen kvadratmeter på basen, og skal bruke arealet til nye bygg. Prosjektet blir sett i gang til hausten, og alt skal vere ferdig innan utgangen av 2015.

Alf Dahl, administrerande direktør i Vestbase AS, er fornøgd med den nye kontrakten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL