Hopp til innhold

– Handlar om å unngå ytterlegare nedbemanning

– Det er teikn som tyder på auka aktivitet i oljeservice-næringa, men oppgangen går svært sakte, seier Vestbase-direktør Alf Dahl.

Alf Dahl på åpningen på Vestbase

Administrerande direktør på Vestbase i Kristiansund, Alf Dahl, har ikkje hatt nokon enkel jobb under olje-nedturen.

Foto: Roar Halten / NRK

Vestbase-direktøren seier 2017 kjem til å handle om å unngå ytterlegare nedbemanning.

– I dag har vi litt for lav aktivitet til å sysselsette alle våre tilsette. Men vi prøver med alternative oppgåver å halde hjula i gang.

Fokuserer på å halde ut

Alf Dahl fortel at det er mange prosjekt i Norskehavet som skal byggast ut og realiserast, men at det ikkje gir arbeid for dei på land med ein gong.

– Det er stor aktivitet i Norskehavet framover, eg er ikkje bekymra for det, men nye kontraktar gir ikkje umiddelbart arbeid.

Vestbase i Kristiansund er eit knutepunkt for offshoreaktivitet, men har som så mange andre måtte nedbemanne som følgje av lave oljeprisar og lavare aktivitet. No er håpet at ingen fleire tilsette på Vestbase skal måtte gå, seier direktøren.

– Det er viktig at vi no klarer å fokusere på å halde ut i 2017 på ein god måte.

Utfordrande tider

Normalt vert det ein viss auke i aktiviteten på Vestbase i andre og tredje kvartal, og så har direktør Alf Dahl eit visst håp om ein vidare auke i 2018.

– Vi er avhengige av positive tilsette, og det har vi heldigvis. Likevel vert det relativt utfordrande å få kapasiteten til å verte utnytta godt nok.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL