Hopp til innhold

– Dette er ikkje tida for å få panikk

Den økonomiske smellen på 28,2 millionar kroner i mars kom svært overraskande på leiinga i Helse Møre og Romsdal. Fleire styrerepresentantar åtvarar no mot å få panikk.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Det økonomiske resultatet for mars kom svært overraskande på styret i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag ein omfattande spareplan som skal rette opp i situasjonen etter den økonomiske bomba som small då økonomiresultatet for mars blei presentert for eit par veker sidan.

– Eit negativt avvik på 28,2 millionar kroner på éin månad vil påverke resultatet for heile året, seier styreleiar Stein Kinserdal.

– Tilbakeslaget kom overraskande

Fleire styrerepresentantar sa at dei hadde ei sterk kjensle av at økonomien i helseføretaket var på rett veg. Den nye leiarkabalen er på plass og det er utført eit arbeid som skal få både økonomi og drift på skinner.

– Vi er i gang med gode prosessar. Og tilbakeslaget kom svært overraskande. Men vi må ikkje misse hovudet. Vi må halde fram det grundige arbeidet som leiinga og staben gjer, sa styremedlem Svein Anders Grimstad.

Også styreleiar Stein Kinserdal blei svært overraska då mars-tala kom på bordet.

– Det er mykje pengar og det var så uføreseieleg. Men vi har fått gode forklaringar, og det gjev meg grunnlag til å ha tiltru til dei prosessane som er i gang.

– Men det kom heilt ut av det blå?

– Ja, dette var tal på ein heilt annan storleik enn det vi har vore vane til. Men i tillegg kan det vere tilfeldigheiter og tilhøve som har med rekneskap og fakturering som gjer at det kjem på denne måten.

– Har tru på prosessane vi har sett i gang

Kinserdal åtvarar likevel mot å få panikk. Han trur ikkje det er store omveltingar i måten å drive helseføretaket på som er rett medisin no.

– Panikk ville vere vår største fiende. I all hovudsak er det svært god drift i Helse Møre og Romsdal. Vi må ha tru på at vi skal klare dette ved å byggje organisasjonen. Vi må skape dedikasjon blant medarbeidarane.

– Kan ikkje køyre hardare

Kinserdal seier at det er den langsiktige ansvarleggjeringa i heile organisasjonen som skal snu den økonomiske utviklinga. Berre slik kan ein skape ein robust økonomi, seier han.

Men er de ikkje redde for å skape reaksjonar nedover i organisasjonen? Er de ikkje rett og slett for snille?

Eg skjønar svært godt kva du spør om. Dette er ein hårfin balanse. Direktøren og styret kan ikkje «misse garderoben», som det heiter i fotballspråket. Om det er ulik forståing av verkelegheita så nyttar det ikkje å køyre hardare på enn det vi får folk med på. Det som skapar resultat på sikt er dedikasjon heilt ut i organisasjonen. Men då vert også utfordringane lagt heilt ut til medarbeidarane, seier styreleiar Stein Kinserdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL