Hopp til innhold

– Vi skal gjere eit grundig arbeid

Arbeidet med å greie ut tilbodet til barn ved sjukehuset fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir ferdig i haust. Ifølgje mandatet skulle det vere ferdig før sommarferien

Marianne Nordhov

Den erfarne barnelegen Marianne Nordhov skal leie arbeidet med å greie ut tilbodet til barn på det nye sjukehuset på Hjelset.

Foto: Terje Reite

Utvalet som no skal finne ut kva slags sjukehustilbod barn på Nordmøre og i Romsdal skal ha kjem til å ta sommaren i bruk. I tillegg til å vurdere sjølve sjukehustilbodet skal utvalet også utarbeide ei risiko- og sårbarheitsanalyse.

Marianne Nordhov

Marianne Nordhov fekk aksept for å bruke noko ekstra tid for å få gjort ei så grundig analyse som mogleg.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er store ting vi skal vurdere. Og dette skal vi gjere så skikkeleg som råd, sa barnelege Marianne Nordhov i orienteringa si til styret i Helse Møre og Romsdal tysdag.

Administrerande direktør Espen Remme sa at det har vore eit press for å få gjennomført utgreiinga så raskt som råd, ikkje minst etter Sebastian-saka.

– Eg var kanskje for optimistisk då eg sette fristen til juni. Det viktige var å få arbeidet i gang. Men det er usedvanleg betryggande å høyre om måten arbeidet blir drive fram på. No skal fagfolk få diskutere dette. Og dette krev tid. Vi lyttar sterkt til faglege råd. Og det siste vi treng er eit hastverksarbeid, sa Espen Remme.

Når utvalet no skal utgreie tilbodet til barn på det nye sjukehuset, ligg det i botnen ein strid både om sjølve sjukehuset og om barneavdelinga i Kristiansund. Nordhov seier ho kjenner denne striden berre frå utsida.

– Eg er berre overfladisk kjend med striden rundt det nye sjukehuset og rundt barneavdelinga i Kristiansund. Eg går til dette arbeidet med opne auge og eit objektivt syn. Eg har vore tydeleg på at arbeidet ikkje byggjer på noko førehandsbestilling, seier Nordhov til NRK.

Utvalet starta arbeidet sitt 3. mai. No er dei i ferd med å innhente bakgrunnsinformasjon, snakke med tilsette og representantar for brukarane.

Sjukehustilbodet til barn og unge på Nordmøre har vore eit stridstema i ei årrekkje. I dag er det barneavdeling i Kristiansund og i Ålesund. Avdelinga i Kristiansund blir stengd i feriar og høgtider, og har redusert bemanning i helgane.

I februar 2015 kom det fram at det ikkje var sjølvsagt at det nye, felles sjukehuset på Hjelset i Molde skulle planleggjast med barneavdeling. Nasjonale retningsliner tilseier at eit sjukehus bør femne om minst 50.000 barn for å gje eit breitt og godt tilbod. I Møre og Romsdal soknar til saman 53.000 barn til dei to barneavdelingane i Ålesund og Kristiansund.

Men krava om barneavdeling på det nye sjukehuset har vore sterke. Ordførarane på Nordmøre og i Romsdal har gått i bresjen med krav om barneavdeling. Folkeaksjonen for eitt sjukehus på Nordmøre og i Romsdal krev også barneavdeling i tillegg til ei godt utbygd avdeling innan psykiatri.

I mars 2017 blei det kjent at det skulle setjast i gang eit arbeid for å greie ut sjukehustilbodet til barn og unge på Nordmøre og i Romsdal. Det er dette arbeidet som no blir leia av barnelege Marianne Nordhov.

I tillegg til Marianne Nordhov er det 11 andre representantar med i utvalet. Denne gruppa er sett saman av representantar frå barneavdelingane både i Kristiansund og Ålesund, det er brukarrepresentantar med, St. Olavs Hospital er representert i tillegg til representantar også utanfor helseregionen.

Det siste medlemet i utvalet kom på plass denne veka. Dette er representantane i utvalet:

  • Marianne Nordhov (leiar)
  • Pål Christensen, SH Innlandet
  • Kari Risnes, St. Olavs Hospital
  • Vebjørn Vik, HTV Ålesund
  • Vegard Helgheim, BA Ålesund
  • Janne Endresen, brukarrepresentant
  • Anne Strand Alfredsen Larsen, HMR
  • Ingvill Hareide Rødal, BA Ålesund
  • Ingrid Merethe Holmeide, BA Kristiansund
  • Bente Askestad, BA Kristiansund
  • Marianne Rønneberg, FL Tingvoll
  • Thilde Svela, FL Molde