Hopp til innhold

Stoppar investeringar og tilsetjingar

Tilsettingsstopp i administrasjonen, stopp i investeringar og mindre reiseverksemd skal bøte på dei akutte økonomiske vanskane i Helse Møre og Romsdal. Planen kjem opp i styret neste veke.

Barneavdeling Ålesund

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal. Spareplanen gjeld heile føretaket.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

I førre veke blei det kjent at Helse Møre og Romsdal gjekk på ein økonomisk smell i mars på 28,2 millionar kroner. Totalt for dei tre månadene i 2017 har Helse Møre og Romsdal eit negativt resultat i forhold til resultatmåla på 35,9 millionar kroner. Allereie i førre veke var det klart at helseføretaket på setje i verk ekstraordinære tiltak for å få skuta på rett kurs att.

Budsjettsprekk på medisinar

I dokumenta som no blir presenterte for styret i Helse Møre og Romsdal går det fram at heile 10 millionar kroner av meirforbruket handlar om innkjøp av medisinar til kreftpasientar, nevrologiske pasientar og medisinske pasientar. 6,7 millionar kroner av dette meirforbruket har skjedd berre i mars.

– Gjennomgangen av alle fakturaer på dette området viser at mars var ein kostnadsmessig høg månad. Ein har ikkje i budsjettet klart å ta god nok høgde for veksten i medikament, heiter det i dokumenta som no blir presenterte for styret.

Om ein slår saman alle varekostnadene hadde Helse Møre og Romsdal eit avvik på heile 14, millionar kroner på dette området, og er det største enkeltavviket i rekneskapen til helseføretaket.

Nytt sjukehus Molde

Helse Møre og Romsdal skal byggje nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Men det ser ut til å vere svært vanskeleg å halde styr på økonomien i helseføretaket.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Kortsiktige sparetiltak

Helse Møre og Romsdal har lagt ein langsiktig plan for økonomiske omstillingar på 132 millionar kroner. Med utviklinga av økonomien i mars går administrasjonen i tillegg inn for å setje i verk ei rekkje tiltak også på kort sikt.

  • Tilsetjingsstopp i administrative stillingar, både i klinikkar og i stab, med unnatak av kritiske stillingar for pasientaktivitet og inntekter.
  • Ledige stillingar skal godkjennast på nytt før utlysing
  • Tilsetjing av vikarar skal vurderast nøye
  • Planlagt overtid skal godkjennast på førehand og reduserast til eit minimum.
  • Innleige frå byrå skal godkjennast av klinikksjef
  • Nye prosjekt skal gjennomførast av eksisterande personale. Ekstern finansiering kan vere med og redusere naudsynt reduksjon i lønsutgifter.
  • Reiseverksemda skal innskrenkast. Møte skal gjennomførast på videokonferanse.
  • Reiser med ekstern finansiering og avtalte utdanningsløp blir vidareført.
  • Det blir sett i verk eit prosjekt for reduksjon av varekostnader. St. Olavs Hospital har tilbydd seg å hjelpe Helse Møre og Romsdal.
  • Alle innkjøp skal gjerast innanfor avtale der dette ligg føre.
  • Talet på kven som kan bestille varer i føretaket skal reduserast.
  • Det blir stopp i investeringar inntil vidare. Dette gjeld alle investeringar med unnatak av vedtekne MTU-investeringar, kritiske vedlikehaldsinvesteringar og øyremerkte sysselsetjingsmidlar.

Denne planen kjem opp i styremøtet tysdag 9. mai. Men planen er allereie drøfta med tillitsvalde og verneombod, og det er lagt ein plan for korleis tiltaka skal gjennomførast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL