Hopp til innhold

– Det er betre å bytte til noko ein har bruk for

Kvart år strøymer mange av oss til butikkane for å bytte julegåvene vi ikkje var heilt fornøgde med.

Celine og Andrea Løvoll Hildrestrand

Søstrene Celine og Andrea Løvoll Hildrestrand synest det er betre å bytte julegåvene som dei ikkje har bruk for, enn at dei blir liggande ubrukt i skuffer og skap.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Den første opningsdagen etter jul har tradisjonelt vore den store byttedagen her i Norge. Då strøymer mange av dei som ikkje fekk det dei ønsket seg til jul, eller fekk dobbelt opp av noko, til butikkane for å bytte. Ei undersøking Forbrukarrådet har gjort, viser at seks av ti bytter gåvene dei har fått til jul.

Søstrene Celine og Andrea Løvoll Hildrestrand var to av mange som tysdag hadde tatt turen til kjøpesenteret Moa i Ålesund for å bytte nokre av årets julegåver.

– Eg fekk litt mange genserar i år. I tillegg fekk sonen min ting han alt hadde, seier Celine.

– Eg byter ting eg har mange av frå før, eller som eg ikkje treng, seier Andrea.

Prøvar å vere fleksible

Ved G-Max i Ålesund merka dei pågangen av bytteklare kundar med ein gong dørene opna. Der har dei organisert ei eiga byttekasse for dei som skal bytte gåver.

Byttelapp G-sport

Med ein byttelapp har du uansett rett til å bytte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har heldt på med dette i nokre år, og har gode erfaringar frå byttedagen. Difor har vi to kasser i ei eiga returluke, noko vi synest fungerer bra. Då kjem folk hit først, og så kan dei gå inn i butikken for å eventuelt bytte gåva eller får tilgodelapp eller verdikort dersom dei ikkje vil bytte i dag, seier Vibeke Hessen, konstituert varehussjef.

Ho fortel at dei prøver å vere så fleksible som moglege når det gjeld byting av gåver.

– Dei får det dei ønskjer så lenge dei har byttelapp eller kvittering. Om dei ikkje har det, så prøver vi å vere behjelpeleg dersom vara er kjøpt her, seier Hessen.

– Viktig med byttelapp

Søstrene Celine og Andrea Løvoll Hildrestrand synest det er betre å bytte julegåvene som dei ikkje har bruk for, enn at dei blir liggande ubrukt i skuffer og skap.

– Det er betre å bytte gåvene til noko ein faktisk brukar enn å behalde noko ein ikkje treng, seier Andrea.

XXL byttekø

Også på XXL hadde dei eigne kasser der folk kunne kome for å bytte gåver.

Foto: NRK

– Einig, seier Celine og nikkar. Det er berre kjedeleg om alt blir liggande igjen i skapet utan å bli brukt, seier ho.

Men det kan lønne seg å be om byttelapp når ein handlar julegåver. I mange tilfelle er det nemleg opp til butikkane sjølv om du får bytte dersom det ikkje følger med ei kvittering eller byttelapp på gåva. Dei to søstrene seier dei har blitt meir obs på å be om byttelapp når dei handlar.

– Eg har sjølv opplevd å ikkje få bytte noko fordi eg ikkje hadde byttelapp. Nokre stadar er dei veldig strenge på det, så det er viktig å få med byttelapp, seier Andrea.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL