Bytte julegåvene? Dette har du rett på

Kvart år strøymer mange av oss til butikkane for å bytte julegåvene vi ikkje var heilt fornøgde med. Her er tipsa som kan hjelpe deg når du skal bytte.

Knut Andreas Slotsvik (t.v) og Martin Sperre

Knut Magne Slotsvik (t.v) og Martin Sperre er blant dei som bytter gåver etter jul.Kle er blant det dei bytter mest.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Handlarane Knut Magne Slotsvik og Martin Sperre innrømmer at dei tidlegare har bytta gåver dei har fått til jul.

Julegave

Nordmenn brukar store summar på julegåver kvart år, men det er ikkje alt som ligg under treet som fell like godt i smak.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Ja, dersom eg får noko som eg ikkje er heilt fornøgd med så gjer eg det. Det kan vere kle som ikkje er heilt min stil, eller som er i feil storleik, fortel Martin Sperre.

– Eg prøver å gjere det, men ofte går det i gløymeboka. Det er som regel kle som vert bytta, seier Slotsvik.

Dei to synest det er bra at dei har moglegheita til å bytte dei julegåvene som ikkje fell heilt i smak.

– Då kan ein bytte det med noko ein har bruk for i staden for at det berre blir stua vekk i skuffer og skap, seier Sperre.

– Undersøk vilkåra

Den første opningsdagen etter jul har tradisjonelt vore den store byttedagen her i Norge. Då strøymer mange av dei som ikkje fekk det dei ønsket seg til jul, eller fekk dobbelt opp av noko, til butikkane for å bytte. Men å bytte julegåver er slett inga sjølvfølge.

Ann Hege Skogly

Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet meiner det er viktig å undersøke kva vilkår som gjeld for dei ulike butikkane.

Foto: Kjell HÃ¥kon K. Larsen / Forbrukerrådet

– Bytteretten er det vi kallar ei sedvane. Det har blitt så vanleg at vi stort sett reknar med at det går greitt, men det er likevel ikkje ein rett du kan slå i bordet med, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Ifølgje Skogly er det likevel viktig å vere klar over at ulike vilkår kan gjelde for ulike butikkar. Det er nemleg opp til den enkelte butikk kor lang byttefrist du får.

I tillegg er det ikkje alle salsstadar som tilbyr byttelappar, og det kan difor kan det vere lurt å ta vare på kvitteringa.

– Undersøk kva som gjelder for den butikken der vara er kjøpt. Det finst store variasjonar i forhold til byttefrist. Nokre varer må bytast med ein gong medan andre butikkar tilbyr ope kjøp slik at det er endå lettare å gå tilbake å bytte vara, seier ho.

Tips til byting av julegåver:

  • Husk å ta godt vare på kvittering eller byttelapp. Ved byting, må vara vere ubrukt og uskadd. Du bør også ta med originalemballasjen, noko seljar ofte vil krevje.
  • Vil du ha ei dyrare vare enn den du leverer inn, kan du som regel gjere det ved å betale mellomlegget. Bytter du til deg ei vare som er rimelegare, vil seljar gi tilgodelapp på resten, eller gi deg pengar tilbake i nokre tilfelle. Butikken setter vilkåra for dette.
  • Det er opp til butikken å bestemme kor lenge etter kjøpet du kan bytte. Variasjonen er difor store; alt frå to dagar til fleire månader.

Les meir om byterett på Forbrukarrådet sine nettsider.

Tilgodelapp – eit godt alternativ

Alt håp er likevel ikkje ute dersom du har fått ei gåve som verken har byttelapp eller kvittering.

– Du kan alltid prøve å møte opp på butikken med eit stort smil og spørje pent, seier Skogly.

Ho påpeikar likevel at det er opp til den aktuelle butikken å avgjere om dei vil bytte vara eller ikkje. Skogly meiner ein tilgodelapp også kan vere eit godt alternativ dersom du ikkje finn noko du vil bytte gåva i.

– Men då må du sjølvsagt huske å bruke tilgodelappen og ikkje la den ligge og støve nede i ei skuff, seier ho.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.