Hopp til innhold

– Eg trur det blir 5-0 til Rosenborg!

Politiet melder om relativ ro i Molde-gatene før Molde–Rosenborg. Supporterane er der derimot. Sist Even Solheim tok turen frå Trondheim tapte Rosenborg 5–0. No trur han på like mange mål ...

Even og Frank Solheim

Even og Frank Solheim har tatt turen frå Trondheim til Molde. Dei håper og trur Rosenborg vinn.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er jo ganske bra her i Molde, smiler unge Even Solheim.

Han er éin av mange Rosenborg-supporterar i Molde-gatene søndag ettermiddag. Litt roping er det, frå både Molde- og Rosenborg-leirane, men politiet melder om få bråkmakarar.

Sist gang Even vitja Molde var i 2009. Då tapte Rosenborg heile 5–0 på Aker Stadion.

– Det var i cupen, og då blei det kjempetap. Men dagens kamp er den viktigaste på lenge. Eg tippar 3-1, seier far Frank Solheim til NRK.no.

– Eg trur det blir 5–0 til Rosenborg!, gliser Even.

– Eg håper han har rett. Då køyrer vi heim med eit stort glis om munnen i morgon tidleg, seier Frank.

Julia Nakken og Iselin Søberg

Julia Nakken og Iselin Søberg trur det blir jamnt mellom Molde og Rosenborg.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– 3–2 til Molde!

To andre som er ute i Molde-gatene før kamp er Iselin Søberg og Julia Nakken.

– Det er kjekt her, men litt styr er det jo, seier Søberg.

Dei trur, sjølvsagt, at Molde vinn.

– Eg håper det blir siger, men kampen må spelast først, seier dei to.

– Kva blir resultatet då?

– 3–2 til Molde! Men det blir spennande, smiler jentene.

John Birger Fladby

John Birger Fladby seier noko anna enn siger ikkje er eit alternativ for Molde.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Årets lettaste kamp

Jentene trur det blir jamt. Den garva Molde-supporteren John Birger Fladby trur ikkje det ...

– Dette blir den lettaste kampen for Molde i år. Vi grusar nok Rosenborg, frå den vesle landsbyen Trondheim, humrar Fladby.

– Er seriegullet sikra med siger?

– Det er vanskeleg å seie, for Molde har igjen mange vanskelegare kampar enn dagens.

– Rosenborg er ikkje nokon vanskeleg kamp. Tap er ikkje eit alternativ i dag, seier John Birger, før han tuslar vidare mot Aker Stadion saman med kompisgjengen.

Arnfinn Aksnes

Arnfinn Aksnes trur Rosenborg blir seriemeister sjølv med tap.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Trur RBK blir seriemeister sjølv med tap

Før Molde mot Rosenborg er det sistnemnde som er i føringa. Begge har 52 poeng, det same som Strømsgodset, men Rosenborg har best målforskjell.

– Med tre poeng i dag så går det nok vegen for Rosenborg, seier Arnfinn Aksnes.

Han trur det blir 1–3 på Aker Stadion. Likevel: Om han tek feil, og Molde vinn, er han uansett positiv.

– Det er nok ikkje sikkert at dagens vinnar blir seriemeister.

– For Molde taper nok mot Tromsø, og vi slår Strømsgodset. Med så god målforskjell blir det seriegull uansett, smiler Aksnes.

Kampen, som startar klokka 19.00, trur han blir av det tøffe slaget.

– Molde mot Rosenborg er alltid tøft. Men i dag blir det Rosenborg. Det er på tide med nok eit gull, avsluttar Rosenborg-supporteren.

Politi i Molde-gatene

Politiet stilte mannssterke i gatene før Molde mot Rosenborg på Aker Stadion. – Relativt roleg, seier politiet til NRK.no.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK