Hopp til innhold

Noreg manglar vernepleiarar – 7 av 10 stryk på eksamen

Studentane på vernepleierstudiet blei mållause då dei såg kor mange som strauk på anatomieksamen. Dei meiner krava er for høge, og at eksamenen er unødvendig komplisert.

Elisabeth Korsrud Ulset, Torunn Grønseth Voie og Mari Holten

Elisabeth Korsrud Ulset, Mari Holten og Torunn Grønseth Voie er allereie i arbeid, og studerer vernepleie på deltid.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det var heilt jævlig eigentleg. Først vart eg veldig lei meg, for eg var førebudd på å bestå. Men så såg eg kor høg strykprosenten var, og tenkte at då er det ikkje meg det er noko feil med.

Det seier Torunn Grønseth Voie, som er deltidsstudent på vernepleiarutdanninga ved Høgskulen i Molde. I løpet av det første studieåret har ho ikkje hatt problem med undervisninga i nokre fag, utanom eitt.

I faget har det totalt vore tre studiedagar. Voie fortel at undervisninga vart rast gjennom i full fart, og at dei ikkje rakk å gå gjennom vesentlege emne. Resten skulle dei lære seg sjølv.

Vi er fullstendig klar over at vi går eit deltidsstudie og at det er forventa at vi tek ansvar for eiga læring. Men for å i det heile tatt forstå noko av anatomien er ein avhengig av å få ei viss forståing av det grunnleggande.

Elisabeth Korsrud Ulset, Torunn Grønseth Voie og Mari Holten

Torunn Voie Grønseth seier det verkar heilt tilfeldig at ho no har bestått eksamenen i anatomi.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Høg strykprosent

Eksamen bestod av 50 fleirvalsspørsmål der ein måtte få rett på 30 av spørsmåla for å bestå.

– Fleire reagerte på at spørsmåla var formulert på ein måte som var meint å misforstå, seier studenten.

Då resultata kom, var strykprosenten i klassa på 68 prosent. På fulltidsstudiet var den 70 prosent i det same faget.

– Vi klaga på eksamenen i ettertid, og vart lova at det skulle bli betre. Men då vi hadde konteeksamen var den enno vanskelegare og meir på detaljnivå enn den første, fortel Voie.

– Det er bra at det vert stilt høge krav til vernepleierstudentar, men til eit visst punkt. Det er ikkje legar vi skal bli.

Manglar vernepleiarar

Tal frå FO og Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) viser at vi manglar opp mot 20.000 vernepleiarar i Noreg.

Marit Selfors Isaksen i FO seier vi må utdanne fleire vernepleiarar, og synest strykprosenten på eksamenen ved Høgskulen i Molde er svært høg.

– Det kan vere det er lurt å sjå om ein kan gjere noko for at fleire når læringsmåla og får ferdigheitene dei treng.

Men ho understreker at ein ikkje kan senke krava for å bli vernepleier.

– Kvaliteten må fortsatt vere god. Ein kan ikkje gå på bekostning av den.

Marit Selfors Isaksen i Fellesorganisasjonen

Marit Selfors Isaksen er leiar for profesjonsrådet for vernepleiarar i Fellesorganisasjonen. Ho seier fleire kommuner slit fordi dei har for få vernepleiarar.

Foto: Sara Angelica Spilling / Sara Angelica Spilling
Oddmund Løkensgard Hoel

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Oddmund Løkensgard Hoel seier det er viktig at det blir utdanna vernepleiarar med god og relevant kompetanse.

Foto: Høgskulen i Vestlandet

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Oddmund Løkensgard Hoel seier også regjeringa er opptekne av at ein må utdanne fleire vernepleiarar.

– Eit utdanningsløp må leggast opp slik at studentane har gode føresetnader for å fullføre utdanninga dei har byrja på. Her kviler det eit stort ansvar på utdanningsinstitusjonane.

– Nødvendige krav

Rektor ved Høgskulen i Molde Steinar Kristoffersen seier eksamenen studentane har klaga på er tøff, og at krava er høge. Men han meiner det er heilt nødvendig.

– Dei må over denne lista før vi synest det er trygt å sende dei ut for å jobbe med sårbare brukarar. At faget kjem tidleg i studiet betyr ikkje at det er lett eller mindre viktig.

Kristoffersen seier studentane har fått moglegheita til å få med seg meir undervisning enn dei tre dagane som var sett av på deltidsstudiet.

Studentane har fått tilbod om å følge den same undervisninga som heiltidsstudentane har, og då ville dei fått fleire timar.

Men dei som går eit deltidsstudie gjer vel det nettopp fordi dei ikkje har moglegheit til å studere på heiltid?

– Ja, og vi trudde vi hadde truffe godt no på å gi eit deltidstilbod som skulle vere optimalt når ein allereie har ein jobb. Og så tek vi imot tilbakemeldingane som går på at det ikkje var riktig balanse, og skal sjå på kva som kan gjerast beire.

Rektor ved Høgskulen i Molde, Steinar Kristoffersen

Rektor ved Høgskulen i Molde Steinar Kristoffersen meiner anatomifaget er noko studentane må beherske før dei går ut i praksis og jobb.

Foto: Høgskolen i Molde

Studieleiar og dekan for utdanninga seier dei vil vurdere å gjere endringar på eksamenen. Les heile svaret frå Høgskulen her:

Bestod med flaks

Voie og medstudentane jobbar allereie i barnevernet, demensomsorgen og på sjukeheim, arbeidsstadar som treng vernepleiarar. Dei veit kva som krevjast i arbeidslivet.

Voie bestod konteeksamen i anatomifaget i august. Men meiner fleire av medstudentane skulle ha kome gjennom.

– Av ein eller annan grunn har eg bestått. Det kjennest som det er basert på flaks eller uflaks.

Elisabeth Korsrud Ulset, Mari Holtan og Torunn Grønseth Voie

Vernepleiestudentane er no i gang med andre året på utdanninga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL