– No kan du vere doktor, seier Monica Cassandra Andersen til dottera Alma (1).
Legekontoret hennar i Molde er no ein kombinasjon av barnerom og kontor.
I omtrent to år har ho og sambuaren budd i byen. Dei hadde forventa å få ein barnehageplass innan januar i år, då Andersen starta i fastlegejobben, men står enno utan.
Det gjorde også 5722 andre barn før utgangen av fjoråret. Det viser nye tal frå SSB om ventelistene for barnehageplass.
– Eg hadde forventa å få barnehageplass, og tenkte ikkje over at det skulle vere så vanskeleg, seier Andersen.
Foto: Remi Sagen / NRKFødd «på feil tidspunkt av året»
Éin dag i veka har Andersen kontordag, som vil seie at ho ikkje har pasientar. Då tek ho med seg dottera på jobben.
Ho seier det no berre er flaks at dei får kvardagen til å gå rundt, og peikar på at dei har besteforeldre som hjelper til.
– Hadde vi ikkje hatt dei besteforeldra, kunne eg ikkje takka ja til fastlegejobben. Og sånn som fastlegekrisa er no, hadde jo ikkje det vore optimalt.
– Ho er kjempesosial, og eg ønskjer jo at ho skal leike med andre barn. Det er jo viktig at ho sosialiserer seg, men det er ikkje så lett å få til når alle andre jobbar og er i barnehagen – så vi må henge på legekontoret vi då, seier mamma Monica.
Foto: Remi Sagen / NRkDet som også gjer barnehagesituasjonen meir utfordrande, er at Alma er fødd «på feil tidspunkt av året».
Ho vart fødd i januar i fjor, og har dermed ikkje krav på barnehageplass før august i år. Så når Alma truleg startar i barnehagen i år, er ho eitt år og åtte månader.
64 personar på venteliste
Per 15. desember 2022 hadde Molde kommune 28 på venteliste for barnehageplass, ifølgje SSB.
Til samanlikning hadde Kristiansund kommune fem på venteliste, Moss hadde 198, Eidsvoll 197, Sola 373 og Harstad 95.
Men no står 64 personar på venteliste for barnehageplass i Molde, skriv Romsdals Budstikke.
Ellen Lyngvær Hjelset, fagleiar for barnehagane i kommunen, seier dei er i gang med hovudopptaket, og at ventelistene endrar seg frå dag til dag.
– Eg har forståing for situasjonen ho og mange andre står i. Vi har stor forståing for at dei bruker mykje tid på å få kvardagen til å gå opp, seier Ellen Lyngvær Hjelset, fagleiar for barnehagane i Molde kommune.
Foto: Roar Strøm / NRK– All kapasitet er brukt opp
I Molde gir dei først plass til dei som har rett på barnehageplass, og deretter har dei eit løpande opptak for resten som står på venteliste utan rett. Men Lyngvær Hjelset er samd i at dei har for få plassar no.
– All kapasitet er brukt opp i Molde-barnehagane, både i dei kommunale og private.
Kommunen held fram med å jobbe på spreng for å løyse utfordringane, forklarer ho. Derfor skal det til hausten stå klar ein ny barnehage, med 25 plassar i første omgang.
– Lengre fram i tid blir det utvida med 20 plassar til. Det blir også jobba med å renovere tidlegare barnehagelokale.
– Det er høgt trykk for å få dette plass, legg Lyngvær Hjelset til.
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Kjetil Vevle, seier dei no ser på regelverket når det gjeld retten til barnehageplass.
Ifølgje Vevle har departementet bede SSB undersøkje oppstartstidspunktet for dei yngste barna i barnehage.
– Det er noko som skal vere klart i løpet av hausten. Då får vi meir informasjon og fakta om korleis situasjonen er. Då meiner eg det er naturleg at vi ser på eventuelle endringar i regelverket, seier statssekretæren.
Men han legg til at ei utviding av retten til plass, slik at alle kommunar må tilby eit løpande opptak, vil bli dyrt.
Monica Cassandra Andersen oppretta ein Tiktok-konto med namn «legemamma», der ho ønskte å formidle at det går fint an å kombinere livet som fastlege og mamma.
Foto: Remi Sagen / NRKPlanleggje når ein skal føde
Sjølv elskar Andersen å vere både fastlege og mamma, og ønskjer at arbeidsdagen skal vere i samsvar med familieliv.
– Så lenge vi får barnehageplass etter kvart, trur eg det vil gå veldig bra.
Men fastlegen seier denne situasjonen får det til å verke som ein må planleggje kva tid på året ein skal føde.
– Planlegg viss ein kan. Det er tydelegvis det ein må gjere viss ein flyttar til Molde. I alle fall med tanke på barnehageplass, seier Monica Cassandra Andersen.