Hopp til innhold

Sindre (28) skal sikre skipa langs kysten

Berre 22 losaspirantar blei tatt opp i år. For Sindre Holberg er det ein draum som blir verkeleg.

Sindre Holberg, losaspirant i Kystverket

VR-TEKNOLOGI: Losaspirant Sindre Holberg (28) seier opplæringa dei får er variert. Dei bruker blant anna VR-teknologi for å øve seg på ulike operasjonar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er stas å ha kome inn. Det har vore eit mål heilt sidan eg byrja som navigatør. Faren min er også los, så eg har vakse opp med det og sett alle sidene av yrket.

Styrmann Sindre Holberg (28) frå Smøla sitt utstyrt med VR-briller og kontrollar. Han er i gang med å øve på ulike scenario han kan kome til å møte som los.

– Ein får prøve seg i ei kontrollert ramme, samtidig som ein kan dra strikken litt lengre enn ein kunne ha gjort i verkelegheita.

Treng omfattande kunnskap

Ein los gir råd til kapteinen når eit skip skal inn og ut av norske farvatn. Dei har stor lokalkompetanse på eit spesifikt område.

– Det handlar om sikkerheita langs kysten. Det er spesielt viktig for utanlandske skip som ikkje kjenner til farvatnet og kor brutalt det kan vere langs norskekysten, seier Holberg.

28-åringen er den yngste av totalt 22 som har kome gjennom det tronge nålauget for å bli losaspirantar. Dei siste vekene har dei vore gjennom ei omfattande opplæring i Ålesund, der det både blir brukt ny teknologi og gamle kunstar i opplæringa. Det neste som står for tur er å lære og legge til kai ved hjelp av ankeret på skipet, ein gamal sjømannsteknikk.

– I sterk vind kan ein bruke ankeret til å halde igjen slik at ein ikkje går for fort til kai. Spesielt om ein får vind frå sida, så kan ein kome trygt til kai. Det er også viktig å vite kva ein skal gjere når teknologien sviktar, seier Alf Tore Johnsen (34).

Han har erfaring som skipssjef i marinen, men har no starta på vegen mot å bli statslos.

– Eg hadde lyst å utvikle meg meir etter å ha fullført karrieren i forsvaret og lære å bruke kysten på best mogleg måte.

Alf Tore Johnsen, losaspirant i Kystverket.

Ein los må kjenne sjøområdet dei har ansvar for svært godt. Alf Tore Johnsen seier at den utfordringa det byr på er noko av det som lokkar han til jobben.

Foto: Remi Sagen / NRK

Populær jobb

I dag er det rundt 300 losar som jobbar for å gjere segling langs kysten tryggare. Totalt finst det 25 losstasjonar i Noreg.

Kurt Haukeberg i Kystverket

Kurt Haukeberg i Kystverket seier at målauget for å bli losaspirant er trongt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kurt Haukeberg i lostenesta i Ålesund seier at jobben er ettertrakta. Kystverket lyser berre ut ledige stillingar som losaspirant ved behov. Det har vore stabilt høge søkartal dei siste åra. I fjor var det 194 som sende inn ein søknad i håp om å bli statslos.

– Det er ikkje ein enkel jobb å få. Dei fleste står i jobben til dei går av med pensjon. Men det er ikkje ein jobb for alle. Det krev mykje erfaring og ein skal handtere både krevjande situasjonar og samarbeide godt med dei om bord i skipa.

For å bli plukka ut som aspirant har dei utvalde allereie vore gjennom ein omfattande søknadsprosess med testar, intervju og praktiske oppgåver.

Utfordringa lokkar

Det er ingen lett jobb aspirantane går i møte. Sjølv om alle dei allereie har mange års erfaring innan skipsfart, skal dei som statslosar kjenne sitt ansvarsområde betre enn si eiga bukselomme.

Haukeberg trur det at jobben er utfordrande, er noko av det som lokkar mange til den.

– Først og fremst får dei utnytte det beste frå navigatørutdanninga si og hjelpe skip til og frå kai. I tillegg er vilkåra gode og det er mange som er klar for ein jobb på land etter mange år til sjøs.

For aspirantane Holberg og Johansen er det ikkje avskrekkande at jobben er utfordrande. Dei ser no fram til å bli stasjonert på kvar sin losstasjon for å fortsette opplæringa.

– Ingen dagar er like. Det er nye skip og mannskap. Det kan vere same hamner, men forskjellige verforhold. Denne miksen gjer det tiltalande for ein navigatør som liker ei utfordring, seier Holberg med eit smil.

– Den norske kysten er den ant lengste i verda og utfordrande å segle i. Det er ein krevjande jobb og mykje å lære, men det er kult å vere den personen som får skip trygt i hamn, seier Johansen.

Historisk cruiseanløp på Smøla

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL