Hopp til innhold

122 gjester fekk ikkje sjekka ut

122 gjester måtte reise frå hotellet i Ålesund i dag tidleg utan å ha sjekka ut. Dei store tele- og dataproblema skapte køar i resepsjonen.

Mange har problem med å sjekke ut

Mange gjester hadde store problem med å sjekke ut frå Rica Parken hotell torsdag morgon.

Foto: Synnøve Hole

Gjestene ved Rica Parken hotell i Ålesund måtte stå i kø for å få sjekka ut i dag tidleg, men til ingen nytte.

Resepsjonssjef Jenn Ann Skaar

Resepsjonssjef Jenny Ann Skaar seier alle får reise frå hotellet, men at dei ikkje får sjekka ut.

Foto: Synnøve Hole

- Vi klarer ikkje å sjekke ut folk, men dei får sjølvsagt reise frå hotellet, seier resepsjonssjef Jenny Ann Skaar ved Rica Parken hotell.

Eit massivt straumutfall er truleg årsaka til problema. Les meir:

Uroa over mangel på kontakt med 110

Sindre Håndlykke frå Ulstein er ein av dei som har budd på hotell i Ålesund i natt. Utsjekkingsproblema syns han er bagatellar, men han er meir uroa over at det ikkje ein gong har vore råd å ringe naudnummera.

- Det er klart det kan vere skummelt dersom det skjer noko, seier han.

Etter fleire timars problem, er det no råd å ringe naudnummera. Les meir:

Nesten fullt hotell

Sven Erik Moe

Hotelldirektør Sven Erik Moe ved Rica Parken hotel seier det verste som kan skje er at heisene sviktar og dei ikkje får tak i folk.

Foto: Synnøve Hole

Sist natt hadde Rica Parken hotell 122 gjester, og ingen av dei fekk torsdag morgon sjekke ut, fordi internettsambandet var nede og bankterminalane dermed ikkje virkar.

- Vi får ein stor jobb utover dagen med å belaste alle, sende kvitteringar og stadfestingar på epost, seier Skaar. Ho likar heller ikkje at telefonane ikkje virkar, det kan bety færre bestillingar.

- Vi kan miste både gjester og arrangement, seier ho.

Alle mann på vakt

Tysdag morgon var hotelldirektøren og store deler av staben på plass i resepsjonsområdet. Der diskuterte dei problema som har oppstått. Det verste også for hotelleinga er frykta for at noko kan skje, utan at dei når fram til politi, brannvesen eller helsevesen.

- Det verste som kan skje er at alarmtelefonane på heisene sviktar, eller at vi treng hjelp frå politi og ambulanse, seier administrerande direktør Sven Erik Moe.

Han seier hotellet aldri har opplevd så store problem med internett og telefon som torsdag morgon.