Hopp til innhold

Tatt med inn til avhøyr etter valdshending

Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei har tatt med tre personar inn til avhøyr i samband med ei valdshending i Kristiansund i natt. To av dei som er henta inn er mindreårige gutar. Den tredje er ein mann. Valdshendinga skjedde på ei privat adresse.

– Fornærma er ein mann i 20-åra. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, men er køyrd til legevakt for sjekk, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Dei skal no etterforske saka for å finne ut kva det er som har skjedd.

– Vi skal gjennomføre nokre avhøyr og prøve å sikre åstaden. I tillegg kan det bli gjort ransakingar, seier Molnes.