Hopp til innhold

Valdshending i Kristiansund

  • Har gjennomført avhøyr

    Politiet i Møre og Romsdal har gjennomført avhøyr av personane som var involvert i ei valdshending i Kristiansund i natt.

    – I tillegg har vi gjennomført åstadundersøking og ransakingar. Dei tre som blei tatt inn til avhøyr blir no slept fri, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

    Politiet skal etterforske saka vidare, men har byrja å danne seg eit bilete av bakgrunnen til valden.

    Den fornærma, ein mann i 20-åra blei sendt til legevakt for sjekk etter valdshendinga.

  • Tatt med inn til avhøyr etter valdshending

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei har tatt med tre personar inn til avhøyr i samband med ei valdshending i Kristiansund i natt. To av dei som er henta inn er mindreårige gutar. Den tredje er ein mann. Valdshendinga skjedde på ei privat adresse.

    – Fornærma er ein mann i 20-åra. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, men er køyrd til legevakt for sjekk, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

    Dei skal no etterforske saka for å finne ut kva det er som har skjedd.

    – Vi skal gjennomføre nokre avhøyr og prøve å sikre åstaden. I tillegg kan det bli gjort ransakingar, seier Molnes.