Hopp til innhold

Helseplattforma skal bli innført

Helse Møre og Romsdal held fast ved planen om å innføre det nye journalsystemet Helseplattforma våren 2023, trass i store vanskar med innføringa i Trøndelag.

Ferdigstillinga av systemet er utsett til slutten av august og systemet skal vere ferdig testa innan utgangen av september.

Dermed blir perioden mellom innføringane i dei to fylka halvert, og sjukehusa her i fylket får då mindre høve til å byggje på erfaringane frå Trøndelag.