Hopp til innhold

Ber regjeringa rydde opp

Stortingsrepresentant Fredic Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta meiner det er alvorleg for folk i distrikta at flytilbodet blir dårlegare. Widerøe har varsla at dei kuttar 4000 avgangar i året, inkludert ein tur/retur mellom Ørsta/Volda og Oslo. – Når det har blitt så mykje dyrare å pendle med bil, med ferje, også skal det bli dyrare og dårlegare flytilbod, er konsekvensane veldig alvorlege for oss i distrikta. Då er det politiske grep som må til, seier Bjørdal.

Fredric Holen Bjørdal
Foto: Andreas Sundby

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL