Hopp til innhold

Brann i bustadhus

Ingen personar blei skadde i ein brann i eit bustadhus i Averøy natt til tirsdag. Alle som var i huset kom seg ut då det byrja å brenne, og dei blei undersøkte av ambulansepersonell. Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg. Brannen blei meldt sløkt etter vel ein time, og det blei starta utlufting og skadeavgrensing.