Hopp til innhold

Trafikken i gang igjen

På fylkesveg 61 er ferjetrafikken no i gang igjen på strekninga mellom Hareid og Sulesund etter tekniske problem. Statens vegvesen opplyser at dei må bruke naudstraum på Sulesund medan dei prøvar å rette problema som følgje av eit straumbrot og ein teknisk feil med ei ferjebru på Sulesund. Fjord1 opplyser at det kan bli nokre forseinkingar på sambandet den neste timen.