Hopp til innhold

– Kan gjere ein politisk inngripen

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug (KrF) tok opp saka til Liv Astrid Roaldsnes og familien i formannskapsmøtet i Giske måndag kveld. Roaldsnes kjempar for å få meir betaling frå kommunen for å pleie den døyande sonen sin, som er kreftsjuk. I dag får ho betalt for to timar dagleg. Saka no ligg hos Fylkesmannen, og formannskapet ventar å få eit eventuelt svar derifrå før 18. juni, når dei skal ha nytt møte. – Då kan vi velje å gjere ein politisk inngripen. Vi kan ikkje gå inn i enkeltsaker, men vi kan gjere eit politisk val om å støtte ein familie i ein tøff situasjon, seier Valderhaug til NRK.

Ordfører Harry Valderhaug (KrF) i Giske formannskap
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL