Hopp til innhold

Mor til kreftsjuke Thomas (18) får vurdert saka på nytt

Liv Astrid Roaldsnes pleiar den dødssjuke sonen sin heile døgnet. Ho klaga på at kommunen berre vil gi henne betalt to timar dagleg. Ordføraren seier no at dei skal vurdere saka på nytt.

Thomas Dahl og Liv Astrid Roaldsnes

Thomas Dahl fekk hjernekreft for over tre år sidan. Han vil bu heime og er avhengig av hjelp frå mamma Liv Astrid Roaldsnes.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Familien på Vigra i Giske kjempar to tøffe kampar. Thomas (18) har vore kreftsjuk i over tre år. I mars fekk han vite at han ikkje har lenge att å leve. Frå Thomas vart sjuk og til i dag har mamma Liv Astrid Roaldsnes vore ute av arbeidslivet for å ta seg av han. Giske kommune vil ikkje betale meir enn for 60 timar omsorgsstønad i månaden. Det gjer det vanskeleg økonomisk for familien. Etter at NRK fortalde saka har dei fått massiv støtte.

Tysdag seier ordførar Harry Valderhaug (KrF) at kommunen no tar ei ny vurdering av saka.

– Eg har bedt administrasjonen om å sjå på saka på nytt, med sikte på å heve nivået på omsorgsstønaden, seier Valderhaug.

Harry Valderhaug, ordførar i Giske

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug (Krf) seier at han har stor medkjensle med familien og vil behandle saka på nytt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Håper på positivt svar

Før Thomas fylte 18 år fekk Roaldsnes pleiepengar frå NAV. Etter 18-årsdagen måtte familien søke kommunen om omsorgsstønad. Dette er ei ordning for dei med svært tyngande arbeidsoppgåver. Det er kommunen sjølv som bestemmer satsen og kor mange timar som eventuelt skal innvilgast. Roaldsnes er glad for at kommunen no tar ei ny vurdering.

– Eg håper dei kjem fram til ein god konklusjon og veljer å innvilge meg dei timane eg bør bli verdsett med, seier Roaldsnes.

Tar saka opp i Stortinget

Fleire politikarar har også engasjert seg i saka til familien på Sunnmøre. Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, seier at stønaden bør få nasjonale satsar.

– Først og fremst ser vi at det er så enormt store skilnader frå kommune til kommune. Vi ser at mange som burde ha fått stønad, ikkje får det. Altfor mange får for lite utbetalt, seier Toppe. Ho vil ta saka opp i Stortinget. Også Miljøpartiet de Grønne vil endre ordninga.

– Det vi kan gjere på kort sikt er å opprette ein statleg pott som gir kommunane meir midlar å fordele. Så må vi vurdere om ordninga skal bli ein rett, seier talsperson Arild Hermstad i MDG.

Også Frp ynskjer endring, seier Sylvi Listhaug. Ho er på heimebesøk hos familien for å høyre historia deira.

– Frp har stått åleine om å ynskje at ordninga skal vere statleg, slik at den vert lik i heile landet, seier Listhaug.

Thomas Dahl fekk besøk av Sylvi Listhaug og Ina Giske

Fleire politikarar har engasjert seg i saka til Thomas. Frp-politikarane Sylvi Listhaug og Ina Giske kom på heimebesøk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Leve til sommaren

For familien på Vigra er ein kamp snart tapt. Det er kampen mot kreften. Thomas hadde som mål å leve så lenge at han fekk sjå filmen «Deadpool 2» 18. mai. Det klarte han. No er neste mål å leve til han får besøk av søskenbarna sine i sommar. Liv Astrid Roaldsnes håper kampen hennar for auka omsorgsstønad hjelp andre i same situasjon.

– I 2018 er nesten alle avhengige av to inntekter. Hadde eg fått full stønad hadde familien vår hatt større økonomisk fridom og vi hadde sleppt å bekymre oss for alle rekningane, seier Roaldsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL