Hopp til innhold
Thomas Dahl og Liv Astrid Roaldsnes
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Meir omsorgsstønad frå kommunen

Oppsummert

Liv Astrid Roaldsnes pleiar den dødssjuke sonen Thomas (18) heile døgnet. Ho har klaga på at Giske kommune berre ville betale for to timar dagleg.

  • Fekk avslag på klagen

    Fylkesmannen har avslått klagen til Liv Astrid Roaldsnes om fleire timar med omsorgsstønad. Roaldsnes pleier sin dødssjuke son heile døgnet og meiner ho bør ha fullt betalt, medan Giske kommune har innvilga betaling for 60 timar i månaden. Saka har gått fram og tilbake mellom kommunen og Fylkesmannen sidan november. Fylkesmannen skriv i vedtaket at det totale hjelpetilbodet familien får er forsvarleg. – Vi er svært skuffa over vedtaket, seier Liv Astrid Roaldsnes.

    Thomas Dahl får frukost av mamma Liv Astrid Roaldsnes
    Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
  • Vil ta opp att saka

    Frp-politikar Ina Giske ber Giske kommune om å behandle omsorgsstønad-saka på nytt. Mora til ein kreftsjuk 18-åring har klaga på at ho berre får betalt for to timar dagleg for å pleie den døyande sonen. Denne veka vedtok formannskapet at familien får ein eingangssum på 30.000 kroner. Giske meiner kommunen må auke timetalet på omsorgsstønaden. Ho har bedd om full gjennomgang av retningslinene for ordninga.

    Thomas Dahl og Liv Astrid Roaldsnes
    Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
  • Skal ikkje dekke tapt inntekt

    – Omsorgsstønad er i prinsippet ikkje ei erstatning for tapt arbeidsinntekt, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp). Ho fekk spørsmål frå Senterpartiet om regjeringa vil innføre nasjonale satsar for omsorgsstønad. Bakgrunnen var NRK si sak om Liv Astrid Roaldsnes som kjempar for omsorgsløn tilsvarande ei månadsinntekt for å pleie sin kreftsjuke son. Ministeren seier at ei standardisering av omsorgsstønaden vil gå på bekostning av dei andre tenestetilboda til kommunane.

    Åse Michaelsen
    Foto: Andreas Sundby / NRK
  • Har sendt spørsmål til ministeren

    Kjersti Toppe (Sp) har sendt eit skriftleg spørsmål til helseministeren, og særleg eldre- og folkehelseministeren, om omsorgsstønadsordninga. Dette kjem etter at NRK fortalde saka til Liv Astrid Roaldsnes frå Giske. Ho kjempar for å få meir betaling frå kommunen for å pleie den døyande sonen sin, som er kreftsjuk. – Vil statsråden fremje ei sak for stortinget om å styrke omsorgsstønadsordninga, sette i verk tiltak som kan hindre den store ulikskapen i kommunane si praktisering av tildeling av omsorgsstønad, og vil regjeringa vurdere å innføre statlege satsar?, spør Toppe.

    Kjersti Toppe (Sp) i vandrehallen da Helseminister Bent Høie (H) tirsdag i Stortinget talte om informasjonssikkerhet i Helse sør-øst.
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • Håper på verdig løsning

    Formannskapsmedlem Ina Giske i Framstegspartiet seier ho hadde eit sterkt håp om at saka til Roaldsnes kunne løysast i formannskapet mandag. – Det handlar om på få gitt dei verdigheit den siste tida som er igjen no, seier Giske. Slik gjekk det ikkje. Saken er nå sendt til fylkesmannen.