Hopp til innhold

Største fylke for mottak av fisk

Rekna i både mengd og verdi var Møre og Romsdal det største fylket for mottak av fisk i 2016, viser den endelege fiskeristatistikken frå SSB. I alt leverte norske og utanlandske båtar 459 000 tonn fisk, reker, skaldyr og skjel til ein førstehandsverdi på 4,8 milliardar kroner til fiskemottaka i Møre og Romsdal. Norske båtar leverte 2,1 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i Noreg og utlandet til ein førstehandsverdi på rekordhøge 18,7 milliardar kroner i 2016. Samanlikna med 2015 er dette ein auke på 10 prosent for førstehandsverdi og ein nedgang på 12 prosent for mengd.

Torsk
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix