Hopp til innhold
Laks
Foto: Zalgon / Flickr

Fiskeri Møre og Romsdal

  • – Ikkje ein genetisk isolert variant

    Silda i fjordane på Sunnmøre er ikkje ein genetisk isolert variant, viser ein rapport frå Runde Forsking og Havforskingsinstituttet.

    Lokalbefolkninga vil stenge fjordane for tilreisande fiskarar fordi dei meiner dei er ein trussel mot sildebestanden.

    – Eitt argument har altså vore at silda er ein eigen lokal variant, men det er den ikkje, seier forskar Aril Slotte.

    Prosjektleiar Nils Roar Hareide ved Runde Forsking trur likevel debatten kjem til å halde fram.

    Sild
    Foto: Lise Åserud / Scanpix
  • Auka pris og auka eksport

    I førre veke auka eksportprisen på laks med 2,4 prosent til 85,52 kroner per kilo frå veka før.

    Mengda eksport av fersk laks auka med 3,5 prosent i veke 48, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

    Eksportkvantum for fersk laks var på 22.910 kilo, opp nesten 800 kilo frå veka før.

    Samtidig blei det eksportert 532 tonn frosen laks til ein kilopris på nesten 95 kroner.

    Fersk laks
    Foto: Terje Bendiksby / Scanpix
  • Auka verdiskapinga med over 30 prosent

    Fem fylke står for nesten 90 prosent av all verdiskaping i norsk sjømatnæring. Verdiskapinga auka med 36 prosent i fjor,

    Møre og Romsdal ligg bak Nordland, Vestland, Troms og Finnmark, men har ei verdiskaping med ringverknader på over 15 milliardar kroner. Størst i fylket er Ålesund, Smøla og Herøy.

    Det viser ein årleg rapport om kva betydning sjømatnæringa har.

  • Har betydning for sysselsetting og verdiskaping

    En ny rapport fra Nofima viser betydningen fiskeindustrien har for sysselsetting og verdiskaping langs kysten. I 20 av landets kommuner står villfiskbasert fiskeindustri for mer enn 10 prosent av de sysselsatte i privat sektor, opplyser de.

    Nofima er et norsk matforskningsinstitutt som driver næringsrettet forskning og utvikling innen akvakultur, fiskeri og mat.

    Ifølge Nofima skaper fiskeindustrien betydelige ringvirkninger langs kysten. Nordland topper listen med 2325 sysselsatte, etterfulgt av Møre og Romsdal med 2082.

    I Smøla og Sula står villbasert fiskeindustri for 10 prosent av den private sysselsettingen.

  • Får løyve til anlegg i Volda

    Møre og Romsdal fylkeskommune gir Ode AS løyve til å etablere akvakulturanlegg for matfisk av torsk på Støylen ved Krumsvikneset i Volda. Det skriv avisa Møre.

    Det er sett fleire særskilde vilkår for løyvet. Mellom anna så set fylkeskommunen vilkår om at Ode AS etablerer eit overvakingsregime for å hindre at oppdrettstorsken skal gyte i merdane.

Fiskerinæringa opplever knallgode tider. I mai var eksporten av fisk og sjømat frå Norge like stor som i heile 2012. Ukraina-krigen kan føre til at inntektene held fram med å auke.
Fiskeridirektoratet oppmodar fleire fiskarar til å melde frå når dei misser garn i havet.
Gjennomsnittsalderen på sjarkfiskarar har gått kraftig ned i løpet av dei siste 10 åra. Årsaka er storsatsing på ungdom og særleg dei som vil drive kystfiske, men nye og strengare reglar til tryggleik om bord gjer det likevel vanskeleg for dei unge.