Fiskeri- og havministeren fekk utgreiinga frå havbruksutvalet
Havbruksutvalet vart nedsett av Solberg-regjeringa for å vurdere utforming av eit heilskapleg løyvesystem, som varetek omsynet til ei berekraftig utvikling av akvakulturnæringa og legg til rette for størst mogleg verdiskaping.
Utvalet fekk i april 2023 eit tilleggsmandat om å vurdere ulike tiltak for å fremje teknologiutvikling som gir meir berekraftig vekst.
- Utvalet har vurdert eit krevjande sakskompleks som har mykje å seie for Noregs største eksportnæring etter olje og gass, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Utgreiinga vil no bli send på høyring.