Paul Hellandsvik. Foto: Gunnar Sandvik, NRK
Måndag skal han i krisemøte med dei tilsette og leiinga ved dei to sjukehusa.
Det er strid om funksjonsdelinga mellom sjukehusa, og mange tilsette har ikkje tillit til direktør Eirik Heggemsnes i Helse Nordmøre og Romsdal.
Hellandsvik seier at både tilsette, leiinga og pasientane er taparar i konflikten.
- Pasientane må lure på kva tilbod dei eigentleg har, når konfliktnivået er så høgt, seier Hellandsvik.
450 tilsette i Kristiansund krev at Heggemsnes går av som direktør for helseføretaket.
Samtidig er det strid mellom dei tilsette i Molde og Kristiansund.
I går ga stortingsrepresentant Asmunbd Kristoffersen klar beskjed til Hellandsvik om å rydde opp.
Og Hellandsvik er samd i at det er han som har ansvaret.
Måndag kjem han altså til Molde for å prøve å få til ei semje.
- Men det nyttar ikkje å stille krav om samarbeid. Dette gjeld relasjonar mellom menneske, og då må eg som leiar prøve å gå inn i konflikten og løyse den, seier direktøren i Helse Midt-Noreg.