Hopp til innhold

Stor deltaking ved valet

Det har vore kø ved vallokala fleire stader. Mykje tyder på at det blir stor valdeltaking ved kommune- og fylkestingsvalet.

Video Kø ved vallokala

Det har vore kø ved fleire av vallokala i dag. Dette er frå Volsdalen i Ålesund.

Ved Volsdalen kirke i Ålesund strekte køen seg langt ut over plassen vest for kyrkja. Mange blei overraska over at så mange stimla seg framfor døra til vallokalet.

Høeg Krohn

Anne Vibeke Høeg Krohn har ikkje opplevd så store køar ved vallokala før.

Foto: NRK

– Eg må seie eg blei overraska. Eg brukar som regel å gå til vallokalet no rett etter arbeidstid, og då brukar det aldri å vere kø, seier veljar Anne Vibeke Høeg Krohn.

– Grubla du mykje før du stemte?

Nei. Eg visste kva eg skulle stemme, seier ho.

Ut etter ettermiddagen kom det inn rapportar frå ei rekkje valkrinsar om at valdeltakinga var jamt over høg.

Tore Hals

Tore Hals seier at mange rapportar tyder på stor valdeltaking.

Foto: NRK

– Det verkar som om det har møtt fram mykje folk, og meir enn før. Det teiknar til å bli ei stor valdeltaking om dette held seg, seier bysekretær i Ålesund, Tore Hals.

– Korleis har det gått rundt om i valkrinsane?

– Med unnatak av kødanningar har det gått stort sett greitt, seier Hals.

Men mange har stemt på førehand, og ein del har også stemt elektronisk i Ålesund ..

– Totalt har 7800 stemt på førehand i Ålesund. 70 prosent av førehandsstemmene har kome inn på internett, seier Hals.

– Så førehandsstemminga tyder også på stor valdeltaking?

– Ja, det har kome inn dobbelt så mange førehandsstemmer som ved førre kommunestyreval og tusen fleire enn ved stortingsvalet. Dette tyder på stor deltaking, seier Hals.