Hopp til innhold

Sjukehusutsetjing ein halv siger - men kan skape uvisse i månader

Vedtaket om å greie ut kva følgjer det får å oppretthalde føde og akutt-avdelingane ved sjukehuset i Kristiansund skaper både uro og glede.

Asmund Kristoffersen og Perny Ann Nilsen

Utsetjinga opnar mulegheiter, meiner Asmund Kristoffersen. Utsetjinga fører til ein uviss situasjon i månader, seier Perny Ann Nilsen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nokre ser på vedtaket som ein halv siger. Samstundes ser dei med uro fram til månader i uvisse kring sjukehussaka.

Kolbjørn Almlid og Ellen Engdahl

Kolbjørn Almlid mottok ein bunke underskrifter frå Ellen Engdahl.

Foto: Roar Halten / NRK

Helse Midt-Norge

Styremøte i Helse Midt-Noreg.

Foto: Trond Vestre / NRK
Helse Midt-Norge

Styremøte i Helse Midt-Noreg.

Foto: Trond Vestre / NRK
– Ei utsetjing vil gjere at situasjonen på Nordmøre og i Romsdal framleis er uavklart. Dette betyr at det framleis kjem til å vere uro der, seier styremedlem Perny Ann Nilsen. Ho meiner føde- og akutt-tilbodet i Kristiansund burde ha vore skjerma.

Uvisst når analysen er ferdig

Administrasjonen i Helse Nordmøre og Romsdal har fått i oppdrag å gjennomføre ein konsekvensanalyse. Og styret har utsett spørsmålet om Kristiansund skal ha akutt- og fødetilbod til utgreiinga er gjort.

– Ja, men når får vi konsekvensutgreiinga? Vedtaket seier ingen ting om det. Blir det januar, blir det mai? Dette betyr fleire månader med uro og uvisse, seier Perny Ann Nilsen.

– Føler meg ikkje trygg

Heller ikkje Asmund Kristoffersen føler seg på heilt trygg på korleis situasjonen blir med ei utsetjing.

– Nei, eg er utrygg på dette. Men det opnar likevel ei mulegheit. Utgreiinga skal gjerast på eit heilt objektivt grunnlag. Så får vi sjå om dette kjem til å skje. Men det har opna ei ny muligheit som kanskje ikkje var der då vi starta møtet., sier Kristoffersen.

– Administrasjonen har ein tung ballast

Fyktar du at konsekvensutgreiinga framover vert eit skodespel?

– Ja, det er ei frykt. Men eg forventar at ein profesjonell administrasjon gjer det dei seier. Dei skal gå inn i dette med opne auge. Men dei har ein tung ballast med seg fordi dei har argumentert med at det er ubrukbart å gå vidare med akutt og føde på Kristiansund sjukehus. Eg ville ikkje ha vore i deira sko med å opparbeide meg tillit og krav på nøytralitet, seier Asmund Kristoffersen.

Ingen stemte for administrasjonen

I denne saka fekk ikkje forslaga frå administrasjonen ei einaste stemme. Spørsmålet er om dette kan oppfattast som ein «kilevink» til administrasjonen.

– Eg veit ikkje kva eg skal kalle det. Men dei fek i alle fall null stemmer for forslaget sitt, seier Perny Ann Nilsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL