Hopp til innhold

Gir ikkje opp sjukehuskamp

Sidsel Sæterøy frå Kristiansund Høgre, trur ikkje vedtaket om to sjukehus vert ståande.

Sidsel Sæterøy

Sidsel Sæterøy

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kampen om å berge akutt og fødetilboda ved sjukehuset i Kristiansund held fram, sjølv om fleirtalet i styret for Helse Nordmøre og Romsdal vil samle desse tilboda i Molde.

- Gir ikke opp kampen

Styret sa nei til felles sykehus

Styremedlem Sidsel Sæterøy frå Kristiansund Høgre, trur ikkje vedtaket vert ståande.

- Eg har tillit til at vore sentrale politikarar skal sjå at fødande kvinner på Nordmøre ikkje kan leve med ei slik løysing. Det er trist at fleirtalet i styret til Helse Nordmøre og Romsdal ikkje ser det, seier Sæterøy.

Utgreiing

Fleire trur at ei utgreiing om endring av funksjonane vert avgjerande. Tillitsvald for sjukepleiarane både i Molde og Kristiansund, Tor Rune Aarø, er glad for at styret går inn for to sjukehus.

- Dette er viktig med tanke på nærleik både til pasientar og arbeidsplassar, seier Aarø.

Vurdere risiko

Når det gjeld samling av føde- og akuttfunksjonar i Molde, vil Aarø ha meir utgreiing.

- Vi må ha ein risiko- og sårbarhetsanalyse som viser kva det vil innebere å flytte desse funksjonane, seier Aarø.