Hopp til innhold

- Ikkje overraska over kritikken

Hovudtillitsvald Knut Ivar Egset er ikkje overraska over den sterke kritikken frå Arbeidstilsynet om tilhøva på Hjelset.

Video nsps_upload_2009_3_11_20_12_37_344.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I dag vart det kjent at Helse Nordmøre og Romsdal kan få tvangsmulkt på 40 000 kroner dagleg om ikkje Hjelset blir ein betre plass å jobbe innan 1. juni.

Egset seier kritikken er som venta.

- Det er ikkje overraskande at dette kjem. Det som er overraskande er at det har fått gå så langt, seier Egset.

- Dei er orientert, men gjer ingenting

- Styret i Helse Nordmøre og Romsdal er orientert, styret i Helse Midt-Noreg er orientert. Direktøren Bjørn Eriksten er orientert. Dei gjer likevel ingenting, så det er ikkje så veldig rart at Arbeidstilsynet no set foten ned, meiner han.

Hjelset

Arbeidsmiljøet på Hjelset må betrast innan 1. juni.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Arbeidstilsynet var på Hjelset i fjor og avdekka det dei meiner er svært ulike måtar å sjå røynda på frå leiing og tilsette. Personkonflikter, for lite informasjon, stor utryggleik og liten trivsel blant mange tilsette var noko av det Arbeidstilsynet reagerte på. Slik er det framleis, seier Egset.

- Ja, vi har fleire døme på at om ein seier i mot leiinga, så vil det få konsekvensar. Du blir fråteken arbeidsoppgåver. Arbeidsoppgåver som du tidlegare gjorde på ein god måte er det no konsulentar som gjer, og folk har måtte rydde kontora sine, seier han.

Trur ikkje på leiinga

- Dette har vore ei veldig omfattande og djup konflikt, som det ikkje ser ut til at leiinga kan handtere på ein god måte.

Difor meiner Knut Ivar Egset at helseministeren må rydde opp. Men viseadministrerande direktør Einar Myklebust trur helseføretaket kan klare det sjølv.

- Ja, eg meiner at det går an å setje seg ned å bli samde om kva som eigentleg er problemet. Men då må også alle partane vere villeg til å leggje vekk dei konfliktane som har vore, og starte med blanke ark, seier han.

Håp om betring