Alle dei tillitsvalde som var spurde om svar til Arbeidstilsynet sin rapport kom med kritikk av tilhøva ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
Skjevik håpar helseføretaket unngår dagmulkta som er varsla om ikkje tilhøva betrar seg.
- Vi har eit reelt håp om betring, og det ser ut som om samarbeidet mellom verneteneste, tillitsvalde og avdelingsleiinga no kan bli betra.
Får møter på plass
- No ser det ut til at det kjem på plass både formelle og uformelle møter, seier han.
Dei tillitsvalde rundt Hjelset har svart på åtte punkt til Arbeidstilsynet sin rapport. Mellom anna går dette på møta mellom dei tillitsvalde og leiinga, og ein serie nyheitsbrev som leiinga sende ut til dei tilsette.
- Det var veldig prisverdig då dei starta opp med desse nyheitsbreva. Dei har hatt mykje relevant informasjon. Så vidt eg hugsar var det 17-18 brev som kom ut i mars 2008. Dei ber preg av ei positiv vinkling utan det å sjå på dei arbeidsmiljømessige konsekvensane. Det har bidrege til å byggje opp under mistru og mistenksomheit, seier Skjevik.
- Det viser seg at realitetsforståinga nok har vore forskjellig mellom tilsette og leiinga.
Dagmulkt utan endring
Skjevik seier at tilhøva ved Hjelset har vore ei veldig innvikla sak. Det er mange moment som dei har sett fingeren på i høve rapporten.
Dersom ein ikkje no får betring av tilhøva før 1. Juni, risikerer Helse Nordmøre og Romsdal å måtte betale ein dagmulkt på 40.000 kroner. Men Skjevik håper at dei skal få til ei endring i løpet av nær framtid.
- Vi har godt håp om at vi kan få til ei betring. Det må vere målet for oss alle saman.