Hopp til innhold

- Vi skal rydde opp på Hjelset

- Helse Nordmøre og Romsdal skal rydde opp i forholda på Hjelset. Det seier administrerande direktør Bjørn Engum om Arbeidstilsynets varsel om dagmulkt.

Arbeidstilsynet har varsla at helseføretaket kan få ei tvangsmulkt på
40 000 kroner dagen dersom ikkje Hjelset blir ein betre arbeidsplass innan 1. juni.

Bjørn Engum

Bjørn Engum

- Arbeidet med omstillingstiltaka som berører den psykiatriske avdelinga på Hjelset har vore ein langvarig prosess, seier Bjørn Engum. - For ca. eit år sidan gav Arbeidstilsynet pålegg om at vi skulle bruke hjelp utanfrå til å betre forholda på avdelinga. Det har vi gjort og vi synest forholda er blitt betre, men framleis er arbeidssituasjonen og samarbeidsforholda ei utfordring.

- Kva seier du til varselet om dagmulkt?

- Vi meiner vi har teke tak i problemet og at vi skal rydde opp i det på ein ordentleg måte. No skal vi svare på brevet og vone at det er nok til at vi kan leggje denne saka bak oss.

- Etter at du har fått dette brevet frå Arbeidstilsynet, har du framleis tillit til leiinga di på Hjelset?

- Det vil eg for så vidt ikkje kommentere. I utgangspunktet er det slik at leiinga har fått ansvaret for å gjennomføre ei utfordrande oppgåve, og eg forventar og har tillit til at det blir gjort, seier administrerande direktør Bjørn Engum i Helse Nordmøre og Romsdal.