Hopp til innhold

- Fortent siger til Molde

Sjølv AaFK sine supporterar var samde i at det var fortent for Molde FK å reise heim med alle tre poenga etter oppgjeret laurdag ettermiddag.

Moldes Mame Biram Diouf ( i blått) setter inn 0-1-målet

Mame Biram Diouf sette inn 1-0-målet for Molde. To minutt seinare auka Magne Hoseth leiinga, og kampen var avgjort.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Vidar Nakken

- Det var dårleg av AaFK, seier Vidar Nakken etter 0-2-tapet.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det var dårleg fotball frå AaFK. MFK var til tider ein divisjon betre, seier Vidar Nakken.

Han står i oransje skjerf og drakt etter kampen, og seier han hadde ynskt seg større innsats frå heimelaget.

- Det var tannlaust i dag. Pasningane var dårlege, og det var fortent at MFK vann, seier han.

- Må legge oss flate

For det var bortelaget som var best i kampen om Møre og Romsdal. På to minutt i andre omgang skåra Mame Biram Diouf og Magne Hoseth, og dermed var kampen avgjort.

Color Line Stadion

Color Line Stadion var pynta til lokaloppgjer mot Molde. Bortelaget reiste heim med alle poenga.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Vi må berre legge oss flate og innrømme at vi møtte eit betre lag, og tapte fullt fortent, seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal etter kampen.

Dermed er han heilt på line med dei som såg kampen frå tribuna.

Ellen Marie Sætre (t.v) og Eli Anette Andreassen

- Fullt fortent, seier Ellen Marie Sætre (t.v) og Eli Anette Andreassen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det var fullt fortent. Utruleg deilig, seier Eli Anette Andreassen. Ho kjem frå Vestnes, men arbeider i Ålesund, og syns difor det var godt når bortelaget tok tre poeng. Saman med Ellen Marie Sætre var ho nøgd med kampen.

Tusen tilreisande frå Molde

- Det var mange sjansar også i fyrste omgang, men det er no kjekt når det er spennande også, seier Sætre.

Bortelaget fekk med seg om lag 1.000 supporterar til Ålesund laurdag, og mellom dei var to busslastar frå Åndalsnes.

Helge og Annbjørg Gjerde

- Eg var skuffa over AaFK i dag, seier Helge Gjerde. Han og kona Annbjørg kom frå Åndalsnes for å sjå dei to klubbane sonen har spelt for.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg var skuffa over AaFK i dag, seier Helge Gjerde. Utanfor Color Line Stadion står han med MFK-skjerf og andre støtteerklæringar til bortelaget, men likevel er det heimelaget han er skuffa over.

- Ingen som blør for drakta

- Sonen vår har spelt på begge laga, så då blir me skuffa når dei leverer slik. Det var heilt fortent at MFK tok alle poenga, seier Gjerde, som altså er far til Øyvind Gjerde som har spelt for både AaFK og MFK.

Supporterane på veg heim frå kamp var samde i at MFK var det beste laget, og at AaFK mangla den ekstra innsatsen som skal til for å vinne kampar.

Trykk på bildet til høgre for å sjå bilde frå då supporterane til dei to laga varma opp i Ålesund før kampen.

Asbjørn Ekornåsvåg

- Molde var gode, meiner Asbjørn Ekornåsvåg.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er ingen som blør for drakta. Det var ikkje nok innsats. Ein bør ta i i slike oppgjer, seier Asbjørn Ekornåsvåg, som var skuffa over det AaFK presterte.

- Men Molde var gode, vi skal ikkje ta frå dei det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL