Hopp til innhold

Molde best i Møre og Romsdal

Bortelaget Molde tok alle poenga i lokaloppgjeret i Ålesund laurdag ettermiddag.

AaFK-sjanse mot MFK

AaFK med ein halvsjanse under eliteseriekampen i fotball mellom Aalesund og Molde på Color Line Stadion i Ålesund laurdag kveld.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Mame Biram Diouf skåra 1-0-målet for Molde FK eit kvarter ute i andre omgang. 2 minutt seinare auka Magne Hoseth til 2-0.

Stemninga er på topp på Color Line Stadion når AaFK og MFK er i gang med fyrste lokaloppgjer for sesongen. Kampen starta jamt, med sjansar til begga lag, og duellar rett frå start.

Ingen av laga vil tape slaget om Møre og Romsdal, og i oppvarminga til kampen uttrykte begge lag sine tilhengarar tru på at nettopp deira lag skulle ta tre poeng.

Mange duellar

Stemninga på banen er meir amper enn på tribunen, og etter 13 spelte minutt får Molde sin Jose Mota gult kort etter ein diskusjon med AaFK-spelarane.

Slik var kampen, minutt for minutt: AaFK - Molde

Til høgre kan du sjå bilde frå supporterane si oppvarming til lokaloppgjeret.

10.778 var møtte fram for å sjå kampen på Color Line Stadion. Dermed var det ein fullsett stadion som såg Molde ta heim tre poeng frå Sunnmøre.

Laga stiller med desse spelarane:

AaFK:

  • Anders Lindegaard
  • Enar Jäger
  • Jonatan Tollås (Ut etter 64 minutt for Diego Silva)
  • Daniel Arnefjord
  • Demar Phillips
  • Alexander Mathisen
  • Fredrik Carlsen
  • Amund Skiri
  • Johan Arneng (Ut etter 48 minutt for Peter Orry Larsen)
  • Jonathan Parr
  • Tor Hogne Aarøy

Molde FK:

  • Jan Kjell Larsen
  • Kristoffer Vatshaug
  • Marcus Andreasson
  • Vegard Forren
  • Knut Olav Rindarøy
  • Makhtar Thioune (Ut etter 89 minutt for Aksel Berget Skjølsvik)
  • Thomas Holm (Ut etter 54 minutt for Magne Hoseth)
  • Daniel Berg Hestad
  • Jose Mota (Ut etter 82 minutt for Rune Ertsås)
  • Mame Biram Diouf
  • Pape Pate Diouf