Hopp til innhold

Optimistar før lokalderby

Både oransje og blå fargar Ålesund i forkant av lokalderbyet, og begge supporterleire er like optimistiske framfor kampen.

Stormen samla ved Metz

Supporterklubben Stormen samla seg ved Metz i Ålesund før kampen mot Molde.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Mats, Knut og Tonje Rovik

Mats, Knut og Tonje Rovik kom heilt frå Gjøvik for å sjå AaFK-MFK.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det blir 3-1, seier Mats Rovik. Saman med systera Tonje og faren Knut er han komen frå Gjøvik til Ålesund for å få med seg lokaloppgjeret mellom Aalesunds FK og Molde FK.

- Det blir grining dersom det ikkje blir siger i dag, skyt systera Tonje inn. Verken ho eller broren har nokon gong budd i Ålesund, men dei er begge medlemmar i supporterklubben Stormen.

- Blir ein jamn kamp

Sjå bilde frå oppladinga til kampen i bildegalleriet til høgre i artikkelen.

- Det har berre blitt sånn, fortel far Knut Rovik, som er fødd i Ålesund. Han fortel at dei hadde sesongkort fyrste sesongen AaFK spelte på Color Line Stadion, og at dei no tek turen så ofte som mogleg.

No reknar han, som borna, med at det blir ein heimesiger for AaFK.

Tom Walderhaug

- Det blir jamt. 3-0, seier leiar i Stormen, Tom Walderhaug.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Og dei er ikkje åleine om å tru det. Stormen har samla folk nok til å fylle to etasjar pluss eit uteområde på Metz ved Brosundet i Ålesund. Og supportersjefen Tom Walderhaug meiner det blir ein spanande kamp.

- Det blir ein jamn kamp, med mange duellar. Så det endar nok med 3-0 til AaFK, seier han med eit smil.

Han meiner det er viktig med laurdagskampane som samlar så mykje folk, og at stemninga kjem til å bli elektrisk på kampen når naboane gjestar stadion.

Overgangar viktig

Tornekrattet i telt

MFK-fansen samla seg i telt til oppvarminga før kampen mot AaFK.

Foto: Åge André Breivik / NRK

I Kongens gate har gjestane rigga seg til. Med stort telt, livemusikk og om lag 500 personar skaper Molde-fansen god stemning før kampen.

Klaus Inge Røsberg, Rolv Ola Nerland og Sindre Myklebostad

Klaus Inge Røsberg, Rolv Ola Nerland og Sindre Myklebostad varmar opp til kampen i Kongens gate.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Ved eit av borda sit Sindre Myklebostad frå Molde. Han bur i Oslo, og har reist til Ålesund berre for å få med seg kampen.

- Ein kan ikkje klage på denne stemninga, seier han.

- Det er jo cupfinalestemning her, håper berre den er like god etter kampen, ler han.

Han meiner overgangsspelet til Molde blir avgjerande i kampen, og at dei tre senegalesarane vil gjere det vanskeleg for heimelaget.

- Det blir nok ein jamn kamp, lik alle lokaloppgjer, men det blir heilt sikkert ikkje tap, trur han.

- MFK har betre lag

Eva Brit Mauseth, Per Inge Sande og Tore Halset

Eva Brit Mauseth, Per Inge Sande og Tore Halset reknar alle med bortesiger i Ålesund.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Kjetil Rekdal sine genistrekar hjelp ikkje når MFK har eit betre lag, seier leiar i Tornekrattet, Eva Brit Mauseth.

Ho er også trygg på at bortelaget skal hente heim alle poenga frå Ålesund laurdag. Opp mot 1.000 gjestande publikummarar er komne for å hjelpe opp under prestasjonane til laget, og ho trur det vil føre fram.

- Vi vinn. Heilt sikkert, seier ho, og er trygg på at senegalesarane på laget vil gjere jobben.

Trur på god stemning

Og nettopp dei tre stjerneskota frå Senegal er det folk blant AaFK-fansen som er bekymra for.

Bjørn Hellevik
Foto: Åge André Breivik / NRK

- Dei må stoppast tidleg, og ikkje få rom, seier Bjørn Hellevik, som er på plass for å heie på heimelaget. Han håper på siger, og trur stemninga på tribuna blir god i laurdagskampen.

- Det er god stemning her hjå oss, men det er det oppe hjå MFK-fansen og. Så eg reknar med stort trykk på kampen, seier Hellevik.