Hopp til innhold

Fekk avslag for AD/HD, - Forsvaret må gje individuell vurdering

Mirah Johannessen hadde ein draum om å jobbe med bilvedlikehald i Forsvaret. Då dei ansvarlege i Forsvaret såg bokstavane AD/HD blei draumen knust. Alle må vurderast individuelt, meiner ho - og organisasjonen ADHD Norge.

Mirah Johannessen

Mirah Johannessen ville ta utdanninga i Forsvaret. Men med dei fire bokstavane ADHD blei alle dører stengde for henne. Ho meiner Forsvaret driv diskriminering av folk med diagnosen ADHD.

Foto: Einar Kosaka / NRK

Mirah Johannessen har arbeidd i bilbransjen i fem år. Men ho manglar fagbrev. Planen hennar var å ta fagbrevet gjennom eit opphald i Forsvaret.

Alt kunne ha gått bra. Men for nokre år sidan fekk ho diagnosen AD/HD. Ho hadde aldri drøymt om at dette skulle skape problem når ho skulle velje yrke.

– Eg har heile tida vore open om diagnosen. Det har fungert veldig bra, heilt til eg kom i kontakt med Forsvaret. Eg søkte om lærlingplass på delelager. Men dei fire bokstavane førte til blankt avslag, til og med før søknadsfristen gjekk ut, fortel Mirah Johannessen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


– Uaktuelt med «denne typen sjukdom»

Mirah Johannessen blei svært skuffa over avslaget. Ho har fått ei rekkje brev der det klart blir sagt frå at det berre er AD/HD-diagnosen som er årsaka til avslaget.

– Dei er heilt på bærtur som ikkje veit kva AD/HD er. Dei kan umogleg vite at AD/HD slår veldig forskjellig ut frå person til person. Alle må jo vurderast som person. Dei kan ikkje berre basere seg på ein diagnose. Eg kan ikkje forstå at dei veit kva AD/HD eigentleg er, seier Mirah Johannessen.

Mirah Johannessen

Mirah Johannessen vil aller helst arbeide på delelager i bilbransjen. No har ho fått seg jobb, uavhengig av Forsvaret.

Foto: Einar Kosaka / NRK

Mirah Johannessen nekta først å gje seg. Ho skreiv brev til Vernepliktverket og kravde svar. Og svaret ho fekk var tydeleg nok. AD/HD-diagnosen var den einaste grunnen til at ho fekk avslag.

Hei!

Det er nok pga ADHD ja, ingen med den type sykdom får komme inn i Forsvaret dessverre.

Mvh L. V. Vernepliktsverket 03003

Mirah Johannessen gav seg ikkje, og fekk seg jobb i det private næringslivet. Der er ho rekna som ein dyktig medarbeidar.

Forsvaret driv diskriminering, og dei kan umogleg vite kor ulike folk med AD/HD-diagnosen er, seier ho.

Fryktar åtferdsendringar under stress

Det er to hovudgrunnar til at lidingar som AD/HD har kome inn på lista over uønskte sjukdomar i Forsvaret. For det første kan ikkje Forsvaret garantere at soldatane får forsyningar av medisinar dei treng i kritiske situasjonar.

Forsvaret fryktar også at soldatane skal endre åtferd under stress. Dette gjeld også dei som ikkje har fast medisinering.

AD/HD er ein sjukdom som vi har vurdert som ikkje i samsvar med militærteneste. Vi har vurdert fleire sjukdomar i same retning. Det gjeld til dømes også for diabetes. Der er det også store individuelle skilnader. Alt etter diett og medisinering kan mange klare seg godt. Men det handlar ikkje om diskriminering når vi seier nei til å ta inn personar med diabetes, seier oberstløytnant Anders Trovik Hasle. Han er sjeflege for allmennmedisin i Forsvaret.

– Men fleire med diagnosen seier at dei føler seg diskriminerte og at det er store individuelle forskjellar?

– Manglande impulskontroll er eit sentralt moment når det gjeld denne sjukdomen. Tankegangen er at vi ikkje har tilstrekkeleg kontroll ved åtferdsendringar i stressa situasjonar. Det gjeld ikkje berre her. Det kan gjelde ved andre sjukdomar der også, seier Trovik Hasle.

Verneplikta er ingen rett

I saka som har versert for Likestillingsombodet, og som no er oppe til behandling i Likestillings- og diskrimineringsnemnda legg Forsvaret stor vekt på at militærteneste handlar om plikt og ikkje nokon rett.

– Alle har plikt til å stille seg til disposisjon. I dag har både gutar og jenter plikt til å møte ved sesjon. Men det er Forsvaret som stiller betingelsane for kven vi skal velje ut til teneste, seier Trovik Hasle.

Slik vurderer forsvaret deg

Forsvaret har ei lang, lang liste med retningsliner for korleis helsa di skal vurderast når du skal inn til teneste. Dokumentet heiter «Bestemmelse for militær helseteneste og legebedømmelse», og blei sist oppdatert 12. oktober 2009. Dokumentet er retningsgjevande for legane, og det kjem truleg ein ny versjon mot slutten av 2011.

Forsvaret vurderer deg etter ein skala frå 9 til 1. Talet 9 får du om du ikkje har nokon kjent sjukdom av noko slag. Deretter blir det lista opp ei gradering ned mot talet 1. Der finn vi dei som er tenesteudyktige. Diagnosen AD/HD ligg innanfor denne kategorien.

I dette dokumentet blir det detaljert og skjematisk sett opp korleis eit utal sjukdomar og plager skal vurderast. Målet er å sikre einsarta klassifisering og seleksjon av militære mannskap.

– Dette er svært urettferdig

Mirah Johannessen karakteriserer seg sjølv som ein fagleg dyktig arbeidar på delelageret. Med rak rygg seier ho at Forsvaret faktisk har gått glipp av ein ressurs ved å nekte å ta henne inn som lærling.

Eg er flink i jobben min. Ingen sjef har vore misnøgd med meg nokon gong. Eg lærer fort, er full av energi og jobbar effektivt. Eg kunne faktisk ha vore ein ressurs for Forsvaret.

Korleis opplevde du avslaget?

Eg opplevde det som svært urettferdig. Og eg får ikkje vist kva eg faktisk kan. Og dette skjer utan at dei har vurdert meg som individ. Dei har berre brukt ein diagnose som står på eit papir.

Mirah Johannessen

I dag held Mirah Johannessen styr på eit stort delelager på ein bilverkstad i Oslo.

Foto: Einar Kosaka / NRK

Sterk auke

Det har blitt dobbelt så mange av dei sidan 2004. Barna som fikk diagnosen AD/HD like etter tusenårsskiftet bankar no på døra til militæret. Der får dei eit rungande nei, og blir stempla som tenesteudyktige.

AD/HD er ein forholdsvis ny diagnose. I 2004 blei det skrive ut AD/HD-medisinar til nesten 12 000 personar. I 2010 var dette talet meir enn dobla, og var ved årsskiftet kome opp i nesten 30 000.

Det er til personar i aldersgruppa 10–19 år det blir skrive ut mest AD/HD-medisinar. Når gutane har passert 17 år får dei brev frå forsvaret om at dei skal på sesjon. Dei som er ærlege og skriv at dei har diagnosen AD/HD blir med eit pennestrok avskorne frå ei framtid i det norske forsvaret.

Antall brukere av ADHD-medisiner

Det har vore ein kraftig auke i talet på personar som får ADHD-medisin.

– Har krav på individuell vurdering

Organisasjonen ADHD Norge reagerer sterkt på praksisen til Forsvaret, og har meldt saka inn til Likestillingsombodet. Saka ligg no til vurdering hos Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Tor Eikeland

Tor Eikeland er generalsekretær i ADHD Norge. Han seier at alle må ha krav på individuell vurdering.

Foto: ADHD Norge

– Alle har rett på invididuell vurdering. Vi meiner ikkje at alle skal inn i forsvaret. Men mange kan gjere ein god jobb i forsvaret, seier generalsekretær Tore Eikeland.

– Kvifor legg de så stor vekt på at alle skal ha individuell behandling?

– Individuell behandling er avgjerande. Elles blir det berre ei sjablongmessig vurdering. Det betyr at folk kan bli utsett for diskriminering, seier Eikeland.

Mange skal vurderast – få skal inn

Det har vore store endringar i Forsvaret dei siste åra. Talet på kalla inn til førstegongsteneste er blitt kraftig redusert. Samstundes blir også jentene innkalla til sesjon. Dermed er det fleire som skal vurderast, og langt færre som skal inn i militæret.

– Der vi før vurderte 30 000 ungdommar årleg er talet no oppe i 60 000. Og det er langt færre som skal avtene førstegongstenesta no enn før. Vi har i Forsvarets sanitet vore nøydde til også å gje vårt ekstra bidrag til å redusere talet på dei som kjem inn etter sesjon seier oberstløytnant Anders Trovik Hasle.

– Stempla som tenesteudyktig

Mirah Johannessen er langt frå åleine om å få slike avslag. Alle med diagnosen får avslag i dag, uavhengig av kva slag og kor sterke utslag AD/HD-en gjev på kvar einskild. Thomas Folland bur på Averøya på Møre-kysten. Han trudde også at han skulle få ei framtid i Forsvaret.

Thomas Folland

Thomas Folland er ein av mange som har møtt stengd dør på grunn av AD/HD-diagnosen.

Foto: Privat

– Eg var motivert for førstegongstenesta, og det hadde passa svært bra i livet mitt å gå inn i forsvaret på det tidspunktet. Eg opplevde det som svært urettferdig då eg blei stempla som tenesteudyktig, seier Thomas Folland.

– Er ingen tulling

Også Thomas Folland meiner at Forsvaret byggjer på mytar og fordommar når dei nektar folk med denne diagnosen teneste i militæret. Han seier at det blir heilt feil om alle med diagnosen blir vurderte skjematisk.

– Jau, det er klart at det fins dei som har diagnosen og som ikkje er eigna til militærteneste. Men det fins forskjellige gradar av sjukdomen, og han slår veldig forskjellig ut. Dei med denne diagnosen burde få ta ein test. Det bør ikkje vere slik at folk blir utelukka berre fordi desse fire bokstavane står på eit skjema, seier Folland.

Mange tilfelle over heile landet

Desse historiene er langt frå eineståande. Under arbeidet med denne reportasjen blir NRK kontakta av fleire som gjerne vil fortelje historiene sine om AD/HD-diagnosen og forsvaret. Men dei ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilete. AD/HD er framleis ei plage som det er knytt mykje fordommar til.

Blant dei som tek kontakt er ein 19 år gamal gut og far hans. Dei bur i Trondheim. Sidan han gjekk på barneskulen har 19-åringen drøymt om ein karriere i forsvaret. Draumen blei knust då han var på sesjon. Diagnosen hans liknar på AD/HD, men han har ikkje med H-en, han er altså ikkje hyperaktiv.

– I utgangspunktet var eg var eg ganske optimistisk. Og eg var veldig motivert. Men straks eg haka av for ADD sa sesjonslegen at eg var tenesteudyktig. Då følte eg at alt eg hadde drøymt om knakk saman. Eg følte meg diskriminert, seier den 19 år gamle guten til NRK.

Etter hans eigen plan skulle 19-åringen ha vore i forsvaret no. I staden går han arbeidslaus i Trondheim. Han ventar på lærlingkontrakt, og vonar aller helst at han skal få bli lærling på ein båt.

– Det er krav til helsetilstanden til sjøfolk også. Men eg hadde ingen problem med å oppfylle dei krava. Det er faktisk berre i forsvaret at dei behandlar folk med AD/HD på ein slik skjematisk måte, seier 19-åringen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL