Hopp til innhold

- Eidsvik nøytral i sjukehusstriden

Dei tillitsvalde ved sjukehusa i Kristiansund og Molde ser fram til at påtroppande direktør i Helse Møre og Romsdal tek grep om sykehusstriden.

Video Astrid Eidsvik blir direktør i Helse Møre og Romsdal

DIREKTØR: Måndag fekk Astrid Eidsvik tilbod om jobben som direktør ved Helse Møre og Romsdal.

Foto: Nyhetsspiller

Tor Rune Aarø

NYE RUNDAR: Tillitsvald i Molde, Tor Rune Aarø er klar for nye rundar i sjukehusstriden mellom Molde og Kristiansund no som direktør i Helse Møre og Romsdal er på plass.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Det er ting som har blitt sagt og gjort det siste halvåret i Nordmøre og Romsdal som eg trur Astrid Eidsvik ikkje ville aksptert dersom ho hadde vore direktør, seier Tor Rune Aarø, tillitsvalt for sjukepleiarane ved Molde.

Eidsvik vert sett på som nøytral i konflikten mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund.

Positiv til ny direktør

Det var måndag at Eidsvik fekk tilbod direktørjobben.

- Eg trur det var eit klokt val å tilsette Astrid Eidsvik, seier Rolf Herter, tillitsvald for dei tilsatte ved Kristiansund sjukehus.

Både i Kristiansund og Molde er dei tillitsvalde positive til den nye direktøren.

- Når eg ser på korleis Eidsvik har klart å styre Helse Sunnmøre gjennom ganske vanskelege tider håper eg at ho får det til også i eit større foretak som Helse Møre og Romsdal, seier Herter.

Klar for nye forhandlingar

Med ny direktør på plass er det klart for nye forhandlingar i sjukehusstriden mellom Kristiansund og Molde.

- Eg trur noko av den direktørstriden kunne blitt unngått med betre strategiske veival. Astrid Eidsvik har vist seg som ein viktig strateg i Helse Sunnmøre. No gjenstår det å sjå om ho greier å ta det med seg det inn i det nye foretaket, seier Aarø i Molde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL