Hopp til innhold

- Auka sjøtransport krev tunnel

Arbeidarpartiet meiner Stad skipstunnel må byggjast for å få godstransport bort frå landevegen og over på sjøen.

Skisse over Stad skipstunnel.

Illustrasjon av Stad skipstunnel

Politikarar i Arbeidarpartiet lanserer kampanjen i dag for å få innspel om viktige tiltak.

Regjeringa må følge opp

Torve meiner kampanjen er positiv og viktig.

Tove-Lise Torve

Tove Lise Torve, stortingsrepresentant (Ap)

Foto: Arbeiderpartiet

– Eg ventar at regjeringa følgjer opp og får på plass Stad skipstunnel. Det er jo slik at at skipstrafikken over Stad til tider er ganske krevjande. Uver er det nok av.

Sjøtransport må ikkje bety forseinkingar

Torve er klar på at meir gods på båtar ikkje må bety at transportørane må kalkulere med fleire forseinkingar.

– Dei som vel å sende gods på kjøl må få fram godset i tide og ikkje bli forseinka. Her blir Stad skipstunnel viktig, seier ho.

Betre for miljøet

Else May Botten

Else May Botten, stortingsrepresentant (Ap)

Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Else May Botten frå Arbeidarpartiet meiner meir godstrafikk til sjøs vil vere ein fordel for klimaet.

– Det vil bli mindre klimautslepp om godstransporten blir flytta frå bil til kjøl. Det er allereie bygt mange nye hamner. Utfordringa er å faktisk få transporten frå veg til sjø, seier ho.

- Skikkeleg flott!

Krf-ordførar Jan Helgøy i Vanylven seier kampanjen som kystrepresentantane i Arbeidarpartiet er skikkeleg flott. Helgøy har sjølv vore ein mangeårig pådrivar for å få bygt skipstunnelen.

Jan Helgøy

Jan Helgøy, ordførar i Vanylven (Krf)

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Arbeidarpartiet er det største partiet i regjeringa og har kontroll med kystdepartementet. Eg håpar indereleg at Ap-representantane lukkast med den mobiliseringa dei no set i verk.

Ein rapport om nærskipstrafikk skal leverast og politisk behandlast i 2012. Helgøy trur innhaldet i rapporten vil synleggjere behovet for Stad skipstunnel ytterlegare.

– Skipstunnelen vil vere ein nøkkel for at ein skal ha tryggleik for godstrafikk på kysten, seier Helgøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL