Det seier fiskeri- og kystminister, Lisbeth Berg-Hansen.
– Eg ventar denne rapporten i nær framtid. Vi er i rute ut ifrå dei tidsperspektiva som regjeringa har sett opp og som er fastlagt i nasjonal transportplan, seier Berg-Hansen.
Den nye rapporten skal mellom anna sjå nærarenpå bruk av tunnelen i dårleg ver handsamast. Ei utgreiing frå 2011 konkluderte med at Stad skipstunnel ikkje bør byggjast.
Fiskeri- og kystministeren skal ta i mot rapporten og sjå på det detaljerte grunnlaget som då ligg føre. – Rapporten blir sjølvsagt offentleggjort. Først skal då regjeringa seie sitt, før den går vidare til Stortinget.
Kan vi vente rapporten på denne sida av sommarferien?
Ja, absolutt, seier Berg-Hansen.