Fiskekaker

HERLEG MAT: Nysteikte fiskekaker og grovt brød.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Bestemor sine fiskekaker

Nysteikte fiskekaker er herleg både til middag og lunsj. Då kokk Steinar Lindstrøm vaks opp i Lofoten, var det bestemora sine fiskekaker, som stod på bordet. No deler han hennar oppskrift med deg.

Slik gjør du

Fiskefileten må vere så kald som mogleg. Du kan og mikse hyse med lyr, dersom du vil det.

Skjær fileten i terningar ca. 2x2 cm. Køyr fisken med salt og krydder eit par minutt i ein food processor, til farsen er seig. Tilsett potetmjølet og bland dette godt. Spe med mjølka litt og litt. Pass på at farsen ikkje blir for varm, då sprekk den.

Du kan blande finhakka purreløk eller graslauk i den ferdige farsen.

Fiskekakene formast med ei spiseskei og steikast i FLOTT matfett i ei middels varm steikepanne. Nysteikte fiskekaker er supert både til middag og lunsj.

Kilde: Steinar Lindstrøm