Hopp til innhold

Genialt gode retter med søtpotet

Søtpoteta er like allsidig som poteta, men smaker søtare. Herleg i supper, rotmosar og bakt. Vi nordmenn har for alvor fått auga opp for denne anvendelege og gode grønsaka.

Søtpotet brukt i ulike delikate retter og supper. Tre bilder satt sammen til ett.

Steik, kok eller bak søtpoteta. Kutta i terningar er den også nydeleg i rotmos, eller til middagen.

Foto: TONE RIEBER-MOHN/CHARLOTTE NILSEN

Søtpoteta kan steikjast, kokast og behandlast akkurat som vanlege poteter. Du kan til og med laga toast med ho.

Plantebaserte «næringsbollar» eller «buddha bowls» florerer i sosiale medium. Dette er energibomber med mykje smak.

Bak gjerne søtpoteta. Saman med bacon, ost, rømme, vårløk og chili får vi «comfort food» på sitt beste.

Du kan også laga all slags purear og salatar. Søtpoteta er perfekt som tilbehøyr til grillmat og middag.

Og denne suppa, då. Varm og asiatisk krydra. Denne må du berre sjekka ut.

Denne retten fungerer både som tilbehøyr, men er også eit måltid i seg sjølv. Herleg indisk rett.

Klikk her for meir godt med søtpotet.