Hopp til innhold

Påske­morgon med egg – seks vidunder­lege

Fridagar. Lange påskemorgonar med ekstra gode frukostar. Det betyr egg, omelettar og eggerøre. – Vi gir deg dei beste.

Bilde av tre retter med egg. En italiensk Polpettine di carciofi og to ulike lekre eggerører. En gul og frisk collage

Egg er obligatorisk i påskefrukosten. Og egg kan brukast på uendeleg mange spennande måtar

Foto: PER ANDERS RUDELIUS/HANNE HØYLAND/AKSEL FAANES PERSSON/SATT SAMMEN AV NRK

Saman med venner og familie, eller aleine i påska? Uansett, unn deg lange, gode og store frukostar. Først av alt da, er å lære seg den perfekte eggerøra.

Og når du kan eggerøre, kan du leike deg med ingrediensar, smaker og utsjånad.

Også omelett, da. Og her er det mykje rom for kreativitet og smak. Lag ein av desse, eller din heilt eigne.

Denne er i tillegg så vakker. Bak herlegdommen står ein rockekokk, faktisk. Berre å melde seg som disippel. Gå hen og gjer likt.

Ein artig vri er «egg cocotte», som betyr bakt egg i ei eldfast form. Ein verkeleg elegant måte å lage egga sine på.

Ein annan gøy påskefrukost er «polpettine di carciofi». Dette er som ein liten italiensk omelett med artisjokkar.